GOSPEL

Prosjektkor, Marianne Juvik Sæbø, Ole Strøm og profesjonelle musikarar

GOSPEL

40-50 korsongarar saman med Marianne Juvik Sæbø, Ole Strøm og dyktige profesjonelle musikarar, presenterer eit variert program kor gospel er i sentrum.

Gospel, musikkforma som oppstod i USA på slutten av 1800-tallet, har hatt ei enorm utvikling og utbreiing. Andraé Crouch vart inspirert både av den svarte gospelmusikken og den sekulære popmusikken på 1970-tallet. Dette blanda han saman og skapte genren «Contemporary gospel».

I dette prosjektet vert arven etter Andraè Crouch ført vidare. Vi får høyre musikk av mellom andre Kirk Franklin, Tore Aas (Oslo Gospel Choir) og Sigvart Dagsland i tillegg til musikk av Andraè Crouch sjølv. Vi får også høyre Edwin Hawkins sin store slager: "Oh happy day».

Medverkande er prosjektkorsongarar frå Vaksdal, Arna, Samnanger og Fusa. Frå Vaksdal deltek også koret Kilden. Solistar er Marianne Juvik Sæbø og Ole Strøm, og begge to har vore solist ved fleire konsert. Fleire medverkande er Thomas Nøkling – saksofon, Sigmund Vik - bass, Arne Skorpe Sjøen – trommer og Simen Walle – gitar. Olav Arne Steinkopf er pianist, bandleder og korinstruktør. Dirigent på konsertane er Tone Synnøve Øygard Steinkopf.

Det vert konsert i Arna kyrkje laurdag 28. september kl 18.00. Gospelgudsteneste i Arna kyrkje søndag 29. september kl 11.00 og konsert i Dale kyrkje søndag 29. september kl 18.00

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"