Gudsteneste på Øyrane

Søndag 23. august flyttar kyrkja i Arna ut på torget; nærare bestemt Øyrane Torg. – Der blir det plass nok til å presentera alle dei nye konfirmantane på ein dag, fortel sokneprest Kristin Hjertaker.

Gudsteneste på Øyrane

Om lag 80 konfirmantar er påmelde til det nye konfirmantåret (2020-21). For at kvar av dei skal kunna ha med seg 2-3 personar kvar, blir gruppa fordelt på to presentasjonsgudstenester: kl. 11 for konfirmantar med etternamn A-J og kl. 12.30 for konfirmantar med etternamn K-Å.

- Me gjer det slik for at både konfirmant-familiane og alle andre som vil koma, skal få plass, seier Kristin.

To sjansar: kl. 11 og 12.30

Alle utanom konfirmantane kan koma på den gudstenesta dei vil.

- Det blir forhåpentleg like fint på begge to. Her er det berre å velja det tidspunktet som passar best for den enkelte. Og ta gjerne med noko å sitja på om du treng det, legg ho til.

Kantor Olav Arne Steinkopf har med seg band og forsongarar, slik det er med jamne mellomrom på innandørs-gudstenestene også.

- Me her kjempeheldige i Arna, det er ikkje mange som har så dyktige musikarar fast med i kyrkja. Det gir eit ekstra løft både til salmesongen og liturgien. Eg ser ikkje bort frå at nokon kjem til kyrkja fordi musikken er så bra, skryt soknepresten.

Store konfirmantkull

Leiar for konfirmantarbeidet i Arna kyrkje, kateket Cathrine Snipsøyr, har hendene fulle for tida. Inneverande års kull på 93 ungdomar fekk utsett konfirmasjonane til byrjinga av september.

Dei to første helgene skal heile 12 konfirmasjonar gjennomførast med tilstrekkeleg små grupper til at det er plass til familiane i kyrkja. Planlegginga av dette er no i innspurten, parallelt med at neste års konfirmantar skal presenterast og starta opp med undervisning om få veker.

- No skjer det mykje, men me trur at det skal gå veldig fint. Folk er positive og forstår at me må gjera ein del tilpassingar og endringar av hensyn til smittevernet. No gler vi oss til å møta alle konfirmantane, både dei nye på gudstenestene førstkomande søndag og dei «gamle» til avslutning og konfirmasjon, seier Cathrine.

Pass på meteren!

I tråd med gjeldande smittevernreglar blir gudsteneste-området på parkeringsplassen ved Øyrane Torg fysisk avgrensa på søndag. Alle som kjem, må gå inn via ein «inngang», der ein blir registrert med namn og telefonnummer med tanke på mogleg smittesporing. Listene vert makulerte etter 10 dagar.

Alle konfirmant-familiane har fått skriftleg informasjon med påmeldingsordning, slik at registreringa i forkant av gudstenestene går så smidig som råd. Men det er lurt å møta opp i god tid.Inntil 200 personar kan delta per gudsteneste. Men sjølv om me er utandørs, må me halda på avstandsregelen og ha handsprit tilgjengeleg.

- Me seier som helseministeren: Pass på meteren! Og har du symptom på koronavirus, så må du halda deg heime og heller koma til kyrkja når du er frisk igjen, seier Kristin.

- Kle deg etter veret

Arna kyrkjelyd planlegg for at arrangementet skal la seg gjennomføra uansett ver. - Folk må kle seg etter veret og vera sporty, så går dette kjempefint. Men eg håpar no framleis på opplett, seier Kristin optimistisk.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"