Allehelgen i Arna: Open kyrkje og minnegudsteneste

Allehelgen gir høve til å møtast og minnast dei vi har mista. I kyrkja er det rom for alt vi ber med oss; både gode og vanskelege minne, sorg, sakn og håp. Du er velkomen til Open kyrkje i Arna laurdag 6. nov. kl. 12-15 og minnegudsteneste søndag 7. nov. kl. 16.

Allehelgen i Arna: Open kyrkje og minnegudsteneste

Kanskje skal du tenna lys på ei grav denne helga? Dersom du ønskjer, kan du kombinera dette med å koma inn i Open kyrkje laurdag ettermiddag 6. november mellom kl. 12 og 15. 

I Open kyrkje kan du sitja i stillhet, be, minnast, tenna lys - det som passar for deg.

Minnegudsteneste søndag kl. 16
Minnegudstenesta søndag 7. nov. kl. 16 er ei enkel gudsteneste med salmar, bøner, tekstlesing og ei kort preike.

I denne gudstenesta les vi opp namna på dei frå Arna sokn som har gått bort det siste året. Vi har sendt invitasjon til den som er oppført som kontaktperson for familien.

Du er hjarteleg velkomen til minnegudstenesta også om det er lengre tid sidan du har mista nokon, eller om du saknar nokon som ikkje var busett i Arna. 

Etter gudstenesta er det ope i Kyrkjestova til kl. 18. Der blir det høve til fellesskap og enkel bevertning.

Søndag 7. november er det også ei vanleg gudsteneste kl. 11. Begge gudstenestene denne dagen er ved sokneprest Kristin Hjertaker og organist Sondre Pettersen.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"