Dåp på ein søndag eller kvardag?

Har du tenkt på dåp for deg eller barnet ditt, men så har det aldri passa heilt? Ta kontakt med Kristin prest om du ønskjer ei heilt enkel ramme for dåpen, for eksempel på ein kvardag eller etter ei gudsteneste. For dåp i vanleg gudsteneste eller dåpsgudsteneste bestiller du på nett.

Dåp på ein søndag eller kvardag?

Dersom du ønskjer dåp i ei gudsteneste, bestiller du via skjema på nettet. Der finn du oversikt over ledige datoar. 

Dersom du heller ønsker ei enkel, uformell ramme rundt dåpen, avtaler du direkte med presten. E-post sokneprest Kristin Hjertaker: kh937@kirken.no 

Å høyra til
Arna kyrkje betyr mykje for mange; å vera døypt og konfirmert her, koma tilbake ved dei store anledningane i familien, å høyra til.

Dåp er inngangen til å høyra til i Arna kyrkjelyd, Den norske kyrkja – og heile den verdsvide kyrkja. Dåpen er eit mysterium, me kan ikkje heilt forklara kva som skjer. Men me trur at Gud handlar i dåpen og at den som blir døypt, uansett alder, får del i Guds rike og vert kopla på Jesus Kristus, som er Guds son og vår bror.

Dåpen er ei gåve
Dåpen er eit teikn; det er ei hending, noko som skjer der og då – og som samtidig peiker utover seg sjølv. I dåpen får me del i frelsa, uansett om me er små babyar når det skjer, store barn, ungdomar, vaksne eller eldre. Og uansett om me føler noko spesielt eller ikkje. Dåpen handlar om å ta imot Guds gode gåver; det er gratis og uavhengig av våre prestasjonar. Det er Gud som handlar i dåpen.

Når me ser eit lite barn blir bore fram, blir me minna om dette: Ingen kan bera seg sjølv. Gud tar imot oss i kjærleik og nåde, anten me er store eller små.

Aldri for seint
I Arna - og andre stader - er det ein del menneske som av ulike grunnar ikkje vart døypte som barn, og som heller ikkje har blitt døypt som vaksne. Somme kjenner seg likevel heime i kyrkja, men er ikkje medlemmer. For det vart aldri slik. 

Ta kontakt med ein av prestane eller kyrkjekontoret om du ønskjer samtale om dåp; anten for å avklara om du eigentleg ønskjer dette – eller for å avtala tid. Me legg til rette for den enkelte så langt me får det til.

Rom for deg i kyrkja
For vaksne eller eldre kan det kanskje kjennast litt for stort å verta døypt i ei vanleg gudsteneste søndag klokka 11. Det er sjølvsagt mogleg! Men det er også fullt mogleg å avtala dåp i ei eiga dåpsgudsteneste berre for næraste familie, eller dei du ønskjer skal vera til stades. Det kan like gjerne skje på ein ettermiddag midt i veka.

Vit at du uansett er velkomen til kyrkja, i sorg og glede, kvardag og fest. I kyrkja er det rom for deg!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"