Konfirmantpåmelding 2025

Her kan du lese om konfirmanttida og korleis du kan melde deg på

Konfirmantpåmelding 2025

 VELKOMEN SOM KONFIRMANT I ARNA KYRKJE!

 Alle som er døypt i Den norske kyrkje, er fødd i 2010 og som bur i Arna har fått brev med invitasjon til å vere konfirmant i Arna kyrkje.
Konfirmasjonstida er for alle, men vi har berre adresse til dei som står i medlemsregisteret. 
Er du ikkje døypt, men ynskjer å bli konfirmert, gjer vi avtale om tid for dåp. 


KONFIRMANTTID FOR ALLE
Vi vil prøve å møte alle konfirmantane så godt vi kan.
Kryss av i skjemaet dersom vi skal kontakte deg og snakke om kva ungdomen din treng.
Kanskje det ikkje passar med konfirmasjon i år?
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om å få ny invitasjon neste år.


INFORMASJONSMØTE 
Tysdag 17/9 kl 1730-1900 er det informasjonsmøte i Arna kyrkje. Det er for både konfirmantar og føresette. 


KONFIRMANTTILBOD
Mykje av konfirmanttida er lik for alle, men du kan velje mellom tre typar leir.
Konfirmantavgifta vil variere ut i frå kva leir du blir med på.
Avgifta dekker Bibel, mat, innleigde gjestar og leir.

Alternativ A:
KonfAction i Norheimsund i første del av vinterferien: 22.-25. februar.
Her møtast fleire hundre konfirmantar frå mange stader.
Pris: kr 2800
Du blir medlem i KRIK i 1 år for å få den billigaste prisen.

Alternativ B:
Leir på Raknestunet på Osterøy: 9.-11. mai.
Leiren er berre for Arna-konfirmantar.
Pris: kr 1800

Alternativ C:
Pilegrimstur: Ein dag i juni.
Vi går tur i fjellet til Hamre på Osterøy, og gjer noko hyggeleg saman.
Pris: kr 700 


PRIS
Alle som vil, skal få vere konfirmant.
Betaling skjer ved påmelding. 
Du betaler på Vipps til Arna menighet. 
Nummeret er 11237.  
De kan dele opp avgifta.
Om det er vanskeleg for dykk å betale, ta kontakt.


SAMLINGAR
Konfirmantane blir delt i grupper som skal møtes ca annakvar veke. Det vil forskyve seg i forhold til ferier, fridagar og kollisjon med andre aktivitetar. Utgangspunktet for gruppene er dei vala de gjer ved påmelding, og når det er fullt på gruppene. 

Det er 8 samlingar i gruppe, 1 1/2 t kvar gang. 

I tillegg vert det fellessamlingar.
Dei kan kome på andre dagar enn du til vanleg er på gruppe.
Vi sender plan med detaljer når påmeldinga er avslutta og vi har fordelt gruppene. 


GUDSTENESTER
Alle konfirmantane skal gå på minst 8 gudstenester.
I Arna kyrkje er det gudsteneste kvar søndag kl 11.
Den første er presentasjon av konfirmantane 5. januar kl 11.
Nokre av gudstenestene i vår skal sendast på NRK. Då er det ekstra kjekt at det mange i kyrkja!
Gravferd og vigsel tel ikkje som gudstenester.

Etter presentasjonsgudstenesten er det fellessamling torsdag 9. januar.
Veka etter skal vi ha ein kort prat med kvar enkelt konfirmant, og så startar gruppesamlingane.


KONFIRMASJON
Det blir konfirmasjonar 7/9, 13/9 og 14/9 2025.
Du set opp ønskje om dato i påmeldinga.

SLIK MELDER DU DEG PÅ  
Påmeldinga opnar 18. september kl 9

Påmelding på nett vil vere open til fredag 18. oktober kl 15.00
Du kan òg kome innom Arna kyrkjekontor og melde på om du synest det er ei enklare løysing for deg.
Du kan sjølvsagt melde på etter 18/10, men då må du sende opplysningar på epost til kateket Cathrine Snipsøyr: cs262@kirken.no 
Om du venter med å melde deg på, kan det bli fullt på dei gruppene du helst ønskjer. 

I påmeldinga legg du inn e-postadresse og mobilnummer, og det er der vi sender informasjon i tida framover. 

Klikk på denne lenka for å kome til påmeldingsskjema: 

KONFIRMANTPÅMELDING




Vi gler oss til å møte deg og håper vi får ei fin konfirmanttid saman. 


Helsing konfirmant-teamet i Arna kyrkjelyd
v/ kateket Arna kyrkje Cathrine Snipsøyr 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"