KONFIRMANT 2024

Velkomen til konfirmasjon i 2024! Den digitale påmeldinga er open til 10. november. Klikk på saka for meir informasjon og lenke til påmelding.

Arna kyrkje

VELKOMMEN SOM KONFIRMANT I ARNA KYRKJE! 
Alle som er døypt i Den norske kyrkje, er fødd i 2009 og som bur i Arna har fått brev med invitasjon til å vere konfirmant i Arna kyrkje. Konfirmasjonstida er for alle, men vi har berre adresse til dei som står i medlemsregisteret. Er du ikkje døypt, men ynskjer å bli konfirmert, gjer vi avtale om tid for dåp. 

Vi vil prøve å møte alle så godt vi kan. 
Dersom konfirmanten treng tilrettelegging, kan du krysse av i påmeldingsskjema, så vil vi kontakte deg og snakke om kva du treng. 

I påmeldinga legg du inn e-postadresse og mobilnummer, og det er der vi sender informasjon i tida framover. 

Vi er også på Facebook, Instagram og på nettside
Facebook Arna kyrkje: https://www.facebook.com/arnakyrkje 
Facebook Konfirmanter i Arna kyrkje 2024: https://www.facebook.com/groups/573519991438928 
Instagram: https://www.instagram.com/arna_kyrkje/ 
Heimeside: www.kirken.no/arna

GRUPPER 
Konfirmantane blir delt i grupper som skal møtes ca annakvar veke. Det vil forskyve seg i forhold til ferier, fridagar og kollisjon med andre aktivitetar. Utgangspunktet for gruppene er dei vala de gjer ved påmelding, og når det er fullt på gruppene. Det er 8 samlingar i gruppe, 1 1/2 t kvar gang. 

Dette er dagane de kan velje mellom: 
- måndag kl 1445-1615 på Kyrkjelydshuset 
- tysdag kl 1145-1315 på Kyrkjelydshuset 
- torsdag kl 1800-1930 heime hos Gro Eman på Haukeland 
- etter avtale, dersom konfirmanten ikkje kan vere i gruppe og kome til vanlig undervisning

I tillegg blir det fellessamlingar som kan kome på andre dagar og tider enn gruppesamlingane. 
Vi sender plan med detaljer når påmeldinga er avslutta og vi har fordelt gruppene. 

LEIR 
Her er det 3 val. Leirene har ulik varigheit og pris. 

1. KonfAction i Norheimsund
Leiren er i første del av vinterferien: laurdag 24/2 til tysdag 27/2.
Her kan man velje mellom mange ulike aktivitetar:
Alpint erfaren, alpint middels, alpint nybegynner, bordtennis, 61 grader nord, dans, futsal, klatring, Kompani Framnes, kreativ, langrenn konkurranse/aktiv, langrenn tur, Let the boardgames begin, Masterchef, Multigames, Skredkurs/frikjøring, Snowboard, Volleyball, Snowday. 

Denne leiren er for konfirmantar frå andre kyrkjelydar også, og det vil vere ca 400 deltakarar. 
Arna kyrkjelyd har fått 30 plasser, så dei som med ein gang veit at dei helst vil vere med på denne, må melde seg på fort. Påmelding til denne leiren er i boks når avgifta er betalt. 
Aktivietsgruppe som krev heiskort får tilleggsutgift på kr 400. Det betalast seinare. 

Leiren er ganske kort tid etter vi har starta samlingane våre, og sidan det er mykje å tenkje på, vil vi ha litt ekstra kontakt med dei konfirmantane som skal vere med. 

Pris: 
kr 2700 inkluderer nytt medlemskap i KRIK for eitt år. 
Hugs å skrive namn på konfirmanten. 




2. Weekend på Raknestunet på Osterøy
Leiren er fredag 7/6 til søndag 9/6. 

Pris: 
kr 1700 




3. Pilegrimstur utan overnatting
Om det ikkje passar å reise på overnattingstur, er det denne turen som gjeld. Dato er ikkje bestemt endå, men det blir etter dei andre leirene, sånn at dei som eventuelt blir sjuke eller av andre grunner ikkje blir med på den leiren dei har valt, blir med på denne turen. Vi går tur og pratar. Vi har eit mål vi skal gå til, og der et vi saman og har eit program. 

Pris: 
kr 600 




PRIS 
Du har fått plass på KonfAction-leiren når avgifta på kr 2700 er betalt. 
Den betaler du på Vipps til Arna menighet via QR-koden.
Nummeret til Arna menighet er 11237. 
Kostnadane skal ikkje stoppe ønsket om å bli konfirmert. Det går an å dele opp beløpet. Og det går også an å gje oss eit ord dersom det ikkje er mogleg å betale. 


PÅMELDING 
Påmeldinga opnar 20. oktober kl 9 ved å klikke på denne lenka: 

KONFIRMANTPÅMELDING





TIL PÅMELDINGEN MÅ DU HA
Om konfirmanten: namn, adresse, mobilnummer, e-post, personnummer, dåpsdato, dåpsstad, kommunen konfirmanten ble født

Om foresatte: namn, adresse, mobilnummer, e-post 

Ønske om konfirmasjonsdag 

Ønske om dag for gruppesamling 


Den digitale påmeldinga stengjer 10. november. 
Det går sjølvsagt an å melde seg på etter det, men då må du sende opplysningane til meg på epost eller komme innom Kyrkjekontoret. Men hugs at dersom du venter med å melde deg på, kan det bli fullt på dei gruppene og vala du helst vil ha.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"