Open kyrkje kvar torsdag kl. 11-13

Arna kyrkje er open kvar torsdag kl. 11-13. Då kan du koma inn og tenna eit lys, be eller berre sitja i stillhet i det vakre kyrkjerommet. Klikk på saka for å lesa meir om tilbodet.

Det kan gjera godt å tenna eit lys i Open kyrkje. Foto: Odd Mehus

Hovudregelen i Open kyrkje er at det ikkje er noko program. Frivillige kyrkjevertar er til stades, og nokre gonger prest. Målet er at kyrkja skal vera meir tilgjengeleg for alle som kjem innom spontant eller planlagt. 

I Open kyrkje kan alle som ønskjer det, koma innom og tenna lys, be eller oppleva det vakre kyrkjerommet. Det er utarbeidd enkle bøner (tidebøner) som kan lesast som veksellesing dersom ein ønskjer det. 

Dei siste åra har det med ujamne mellomrom vore tilbod om Open kyrkje i Arna, og erfaringane har vore gode. Mange kyrkjer har hatt eit slikt tilbod lenge, og fleire i Arna har også etterspurt dette. Frå august 2022 til haustferien 2023 var det Open kyrkje fast både onsdag på kveldstid og torsdag på dagtid. 

Endra opningstid

Det viste seg krevjande å få nok frivillige til å dekka inn vaktene, og opningstida er difor endra til kun torsdagar kl. 11-13. I tillegg vert det Open kyrkje i samband med spesielle dagar eller anledningar.

Prest vil vera til stades nokre torsdagar. Ein kan også gjera avtale om samtale med prest på andre tidspunkt.

Bli frivillig?

Frivillige deltar som kyrkjevertar. Det er behov for fleire, så ta gjerne kontakt om du kan tenkjar deg å bidra. Opplæring vil bli gitt.

Kontaktpersonar:

Frivillig medarbeidar Kari Secher, epost: karisecher@gmail.com 
Prest Gina Marie Reisæter-Thu, epost: gr693@kirken.no 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"