Faste NRK-gudstenester frå Arna kyrkje

Arna kyrkjelyd har inngått avtale med NRK om å senda fleire gudstenester det komande året. I haust er datoane 3. september, 29. oktober og 3. desember. 

Sokneprest Kristin Hjertaker forrettar på dei fleste NRK-gudstenestene frå Arna kyrkje. Foto: Odd Mehus

      - Dette blir ein stor dugnad og ein sjanse til å setja Arna på kartet. Mange friviljuge medarbeidarar deltek med ulike oppgåver, og me håpar ekstra mange vil ta turen til kyrkja desse sundagane, seier sokneprest Kristin Hjertaker.

Dei tre sundagane i haust er 3. september, 29. oktober og 3. desember.

-        - Me ønskjer oss ekstra god trøkk i salmesongen og håpar på mange i benkene. Me trur at det blir fine og ulike gudstenester, som me håpar vil nå fram til mange, seier Kristin.

Stall-kyrkjelyd
Seks kyrkjelydar spreidd utover landet delar på dei direktesende gudstenestene på radio og tv. Dette gjeld vanlege sundagar i haust- og vårsemesteret, med unntak av høgtidene. Då har det andre, større produksjonar, vanlegvis frå ei og same kyrkje gjennom heile høgtida.

Dei seks faste kyrkjelydane vert kalla «stall-kyrkjelyd» eller «stall-menighet» av NRK. Fram til pinse var Foldnes ein slik stallmenighet i Bergens-området, og i sommar vart det tekniske utstyret dei har hatt, flytta og installert i Arna.

Ulik profil
I haust vert tre gudstenester overført frå Arna kyrkje. Dei er ulike i form og innhald, og Kristin prest og kantor Olav Arne Steinkopf håpar gudstenestene vil visa noko av breidda i tilbodet i Arna kyrkje – også når det gjeld kyrkjemusikken.

3. september, vingardssøndag, er temaet «Det er bruk for deg». Klubben for funksjonshemma deltek aktivt i gudstenesta, som får ei enkel form. Det blir også bønevandring med lystenning.

29. oktober, bots- og bønedag, er det temagudsteneste med band og forsongarar leia av Olav Arne Steinkopf. Temaet er «Oppgjer, tilgjeving og forsoning» og preiketeksten er om sonen som kom heim. Samtalepreike med prest og terapeut May Bente Stuart Matre. 

3. desember, første sundag i advent, er temaet «Eit nådeår for Herren». Dette vert ei høgmesse med orgelbrus frå galleriet og markering av nytt kyrkjeår. Ytre Arna vokal deltek.

Etter nyttår er følgjande gudstenester planlagde:

11. februar, fastelavnssøndag: Gudsteneste for små og store.
17. mars, Maria bodskapsdag: Temagudsteneste
5. mai, 6. søndag i påsketida: Høgmesse

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"