Jubileumsmarkeringar 1. pinsedag

Tusenårsmarkeringa for kristenretten vert feira i heile 2024. Første pinsedag, 19. mai, vert jubileet markert i gudstenester i heile bispedømet.

Moster kyrkje Foto: Moster Amfi/Abstract media

Det som skjedde på Moster for tusen år sidan er verkeleg verdt å feira. Det hadde mykje større og viktigare verknad for samfunnet vårt og historia vår enn mange er klar over. Innføringa av kristenretten er verkeleg "Hendelsen som forandret Norge" , som er tittelen på youtube-filmane som vi har fått laga. 

På Moster, Bømlo, vart kristenretten innført på Mostratinget i 1024. Med dette starta Olav Haraldsson, seinare kjend som Olav den heilage, saman med biskop Grimkjell ei omfattande samfunnsendring. Noreg gjekk frå eit maktsamfunn til eit rettssamfunn, med sterkare menneskelege omsyn og rettsvern for individet. Det mest radikale med kristenretten er prinsippa den fremmer for likskap mellom alle mennneske. 

Det høver godt å feira kristenretten nettopp på pinsedagen. I teksten som høyrer til denne søndagen, talar Jesus til læresveinane og seier at dei skal halda fram med å leva i kjærleiken til Jesus og at dei skal halda boda hans. For at det skal vera mogeleg etter at Jesus har forlate dei, det vil seia fare opp til himmelen, skal Faderen senda Sanningsanden som skal vera med dei, så dei kan halda fram å leva i kjærleiken til Jesus. Kristenretten handlar om korleis ein skal leva som kristen i samfunnet. Olav Haraldsson vart kåra til helgen etter sin død, som eit førebilete på korleis det er å leva i kjærleiken til Jesus i si sanntid.

Biskopen Ragnhild har sendt ut oppmoding til alle kyrkjene våre om jubileumsmarkering 19. mai, med forslag til forbøner og salmar. Dersom du er med å feire gudsteneste i ei kyrkje i Bjørgvin bispedøme 1. pinsedag, er det difor stor sjanse for at du og er med å feire tusenårsmarkeringa for kristenretten denne dagen.

 

Tekst for Pinsedag:

Lovnad om Den heilage ande
Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for. 

Johannes 14, 15-21

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"