Torill er ny soknerådsleiar

Torill Vik Johannessen (t.h.) er valt til leiar for Arna sokneråd. Kristin Haukaas, som har vore leiar det siste året, er valt til nestleiar.

Kristin Haukaas er nestleiar og Torill Vik Johannessen leiar i Arna sokneråd.
Det nye soknerådet i Arna hadde sitt første møte og konstituerte seg måndag 30. oktober. Torill Vik Johannessen vart då valt til ny leiar og Kristin Haukaas vart nestleiar.
 
Torill er 43 år og har ein periode bak seg i soknerådet. Ho har vore friviljug medarbeidar i Arna kyrkjelyd i fleire år og har særleg engasjert seg i arbeidet for barn og unge. Dei siste åra har ho vore medlem av trusopplæringsutvalet og vore ein av vaksenleiarane i ungdomsklubben. Ho er også med i ei av gruppene som førebur og gjennomfører gudstenester.
 
- Eg brenn for dei gode møteplassane som vi har, og at alle skal få kome som dei er og finne sin plass i Arna kyrkje. Og eg meiner at kyrkja har ei viktig rolle i klima- og naturkrisa vi står oppi, seier Torill. 

Til dagleg jobbar ho med kvalitetskontroll av vaksiner til oppdrettsfisk. 

Rådet består elles av følgjande personar:
Ingmar Ljones, Kari Secher, Hans Martin Svarstad, Gunnlaug Almelid Tvilde, Ann Helen Heggestad Folkvord og Marlyn Hop. Soknepresten har fast sete i rådet.
 
Varamedlemmer er Erik Rodal, Evelyn Anna Larsen Nytun, Arild Sundland Dale, Møyfrid Naterstad Opheim og Roald Zinke.
 
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"