Birkeland er ein bra stad å vere!

Eli Heggdal slutter etter 20 år i jobben, og startar som områdeleiar i administrasjonen til Bergen kirkelige fellesråd.

Administrasjonsleiar Eli Heggdal meiner det er sunt å gi jobben vidare til nokon andre. No slutter ho i Birkeland etter 20 år. - Eg kjem til å sakne staben og alle dei frivillige mest.

Tilfeldig at ho havna i Birkeland 
Heggdal kom til Birkeland i 2002, då det var behov for ein vikar. Ho er utdanna innanfor kulturvitskap, og hadde eigentleg sett for seg ein jobb i museumsbransjen. No har ho vore tilsett i kyrkja i 20 år. 

- Dette var ikkje ein planlagt jobb. Eg var engasjert i sorgarbeid, var besøksvenn og laga kyrkjelydsbladet som frivillig medarbeidar. Eg kjente kyrkjelyden godt. Det dukka opp eit vikariat, som seinare blei til ein fast stilling. 

Ein av dei viktigaste tinga ho har arbeidd med er prinsippet om at tilsette og frivillige arbeider saman.  

- Uten frivillige får vi ikkje til noko i kyrkja. Eg håpar Birkeland er og har vore ein bra stad å vere for alle.  

Ønsker å bidra til eit varmare samfunn 
Ho trekk fram fleire ting som har hatt betydning for trivselen i Birkeland.  

- Diakoniarbeidet er ein av dei viktigaste jobbane kyrkja har. Det å vere med og bidra til eit varmare samfunn, og fylle nokre av behova samfunnet har, er ein av grunnane til at eg har blitt i jobben så lenge. 

Ein administrasjonsleiar arbeidar tett med dei folkevalde i menighetsråda og andre frivillige. Heggdal synes det har vore ei privilegert rolle. 
- Min jobb har vore å tilrettelegge slik at ting flyt litt betre. 

Ho er takknemleg for å arbeide på lag med gode folk. Birkeland er no meir synleg i bybildet på Nesttun. Samarbeidskonserten “Sammen for et varmere Nesttun” med m.a. Sesam, biblioteket og MO-senteret kvar haust er eit symbol på fellesskap.  

- Eg er så glad for at kyrkja engasjerer seg for lokalmiljøet! 

Vil sakne flokken i Birkeland 
No gler ho seg til å ta fatt på jobben som områdeleiar, med leiaransvar for halvparten av administrasjonsleiarane i Bergen. 

- Det blir kjekt å gjere noko heilt anna med den erfaringen eg har, og å gjere meir for fleire. Sjølv om det er trist å slutte, trur eg det er sunt å få inn ein ny administrasjonsleiar som vil gjere ting annleis. 

Det største saknet vil vere å ikkje høyre til berre ein stad, no når ho skal jobbe med mange kyrkjelydar, forklarer Heggdal.  

- Her i Birkeland har eg ein flott stab med mange gode kollegaer og frivillige som eg vil sakne. Det er den lille og store flokken min, og det blir vemodig å forlate dei etter så mange år! 

Vi takker Eli for 20 gode år, og ønsker lykke til i nytt arbeid. 

Tre om Eli Heggdal: 

Gerd Alice Duus, frivillig i medarbeiderutvalget i Birkeland menighet 
Eli er svært ryddig og nøye i sitt arbeid, men tar seg alltid tid til en prat om livet her og nå. Inspirerende formuleringsevne - det er en glede å lese alt fra møteinnkallelser, referat og invitasjon til fest. 

Kjersti Gautestad Norheim, sokneprest i Birkeland menighet 

Eli elsker å lære noe nytt. Det gjør at hun alltid er i bevegelse og på jakt etter nye – og gode – måter å løse utfordringer på. Systemene hun etterlater seg her i Birkeland er solide, og det blir rart å ikke lenger ha henne som vår daglige engel* på kontoret.  

*Eli sin tolkning av rollen som daglig leder 

Ketil Seime, frivillig medarbeider med bl.a. teknikk og lyd 
Eli har stor omsorg for frivillige i menigheten. Hun vil se, støtte og synliggjøre dem. Eli er opptatt av at kirken skal være en viktig del av lokalmiljøet. Det er lett å svare JA når Eli sier: “I har et problem...kan du hjelpe?” 

Tekst: Gyrid Cecilie Nygaard. 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"