Fastelavnssøndag – fest før faste

Karneval og krembollar er det vanskeleg å finne i evangeliet for denne fastelavnssøndagen. Livet er heller ikkje nokon dans på morsdags-roser. Men kjærleiken – den verkeleg store kjærleiken – er lett å få auge på!

Det står skrive i evangeliet etter Johannes (12, 20-33):
No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.

    No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har late min herlegdom lysa om det og skal la han lysa på nytt.»

    Folket som stod der, høyrde det og sa at det hadde tordna. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.» Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar skuld. No fell det dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut. Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.» Dette sa han for å visa kva slag død han skulle lida.

Timen er komen! Det er noko skjebnesvangert over uttrykket. Kanskje høyrer du ein fanfare eller noko liknande – eit signal! Tida er inne! No skal det skje! Noko skal skje – kva skal skje?

Kvar vi er i kyrkjeåret gir eitt svar. For i adventstida førebudde vi oss på å ta imot det vesle Jesusbarnet i krubba. Vi feira jul – og julehøgtida sin bodskap fekk så si fordjupingstid; tida for openberring som varte til forrige søndag. Fram til denne søndagen har tekstane i kyrkjeåret vist oss kven Jesus er. No dreiar fokuset. No skal vi bruke det vi har lært om kven Jesus er for å forstå at det frå no og vidare handlar om kva Jesus skal gjere. Ikkje minst kva det han gjer betyr for kvar og ein av oss.

Timen er komen - då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen.
Vel og bra. Det signalet eg høyrde i stad var kanskje ikkje eit faresignal?
Guds herlegdom som lyser må vel vere nettopp – lys? Strålande?
Men så seier Jesus «Sanneleg, sanneleg» - og eg veit at no kjem det noko ekstra viktig. For om det var slik at eg ikkje høyrde signalet Jesus gav då han sa «Timen er komen» - så gir han meg ein sjanse til å skjerpe øyrene…
Kvar gong Jesus i evangelia seier: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk» – så er det som eit signal. No kjem noko viktig, noko du bør leggje merke til…
Og så seier Jesus: «Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.»

Rett frå lysande herlegdom og til mørk mold… Døden blir tydeleg midt i det herlege livet. Livet har ein pris. Og Menneskesonen veit det. Jesus veit kva han skal gjennom. Kva han skal gjere. Og han er befriande ærleg om at dette kostar: «No er sjela mi fylt av angst.» Seier Jesus.

Angst
Eit stort ord. Ein vanskeleg røyndom å erfare; Å leve i angst.  Å leve med angst.
Eg skal ikkje psykologisere, men eg syns det er verd å leggje merke til at Jesus veit kva angst er.
Angst som går djupt. For Jesu angst handlar ikkje om kroppen i denne teksten – kva som kjem til å skje med kroppen hans når døden nærmar seg. Den kampen fylgjer vi tett i påska – på skjærtorsdag og langfredag.
I dag er det Jesu sjel som er fylt av angst. Jesus har ei gjerning som skal gjerast – til den er han fødd og oppvaksen. Jesus gruar seg for det han veit kjem.  Han veit at han må stå i det. Han veit at han må gjennom det. Han seier: «Til denne timen skulle eg koma.»
For å klare og stå i angsten, ber han: «Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt.»
Jesus får tydeleg bønesvar – nokre som står rundt høyrer det som torden. Nokre meiner at det er ein engel som talar til han. Alt dette underlege og underfulle blir altså nokre grekarar vitne til… dei ville berre gjerne sjå Jesus… eg trur me kan seie at dei fekk meir enn dei bad om!

Eg blir ofte nysjerrig på dei det ikkje handlar mest om i ein tekst… På tide å bli betre kjent med dei me møter i dag: «Nokre grekarar». Desse grekarane er ikkje tilfeldigvis i Jerusalem – dei er mellom dei som er komne  til Jerusalem for å tilbe under høgtida. Det tyder at dei er tilhengarar av jødedomen.
Og desse grekarane går til ein læresvein med det greske namnet Filip som går vidare til den andre av Jesu læresveinar med gresk namn – Andreas. Dette er eit hint om at Jesus ikkje berre er komen for jødar. Underforstått i teksten ligg dette: Også heidningar, dvs ikkje-jødar, kjem til å tru på Jesus.
Og når Jesus blir lyft opp, skal han dra alle til seg.

Dei ville gjerne sjå Jesus.
Av og til kan kristne spørje: Har du sett Jesus? Har du møtt Jesus? Kanskje skulle vi lære tålmod av denne teksten - at oppmodinga kan vere: Har du hatt eit ønske om å sjå Jesus? Har du hatt eit ønske om å møte Jesus, sjølv om du ikkje rekna deg som ein av hans næraste vener? Evangeliet oppmuntrar oss alle til å vere frimodige – la oss alle våge å gjerne sjå Jesus! Møte han! Gå via ein av hans vener viss du ikkje vågar deg på direkte kontakt…
Og så skal du vite dette: Jesus er uendeleg kjærleik!

Jesu kjærleik er kjærleiken som gir alt:

Kornet har sin vila djupt i frusen jord,

är ej dött, det väckes av ditt skaparord.

Kärlek från Gud, åt allting ger du liv.

Kärlek med ditt ljus kom, kom och hos oss förbliv.

 

Jesu kjærleik er ofrande kjærleik:

Han blev hängd på korset, i en grav lagd ner.

Ingen enda väntar möta honom mer.

Kärleken når långt bortom död och grav.

Kärlek med ditt ljus kom, kom och dröj hos oss kvar.

 

Jesu kjærleik er kjærleiken som er sterkare enn døden:

Han var vetekornet, låg i jordens djup.

Han stod opp en påskdag, lever bland oss nu.

Aldrig en sol har lyst så stark och klar.

Kärlek med ditt ljus kom, kom och dröj hos oss kvar.

 

Jesu kjærleik er den skapande kjærleiken:

Väntande på värme vilar rot och frö,

vet att våren kommer. Varje träd och ört

brister i blom på sin bestämda tid.

Kärlek med ditt ljus kom, kom och hos oss förbliv.

 

Velsigna fastelavnssøndag til kvar og ein!


Illustrasjon: Kirkens Nødhjelp si raude Regnbuebønn

Kontaktinformasjon for Fridalen menighet

Åpningstider kontor:
Tirsdag, torsdag og fredag
kl. 09.00 - 15.00

Tlf: 55 30 81 20

E-post: fridalen.menighet.bergen(a)kirken.no

Besøksadresse:
Roald Amundsens vei 100
5067 Bergen

Postadresse:
Postboks 74, Slettebakken
5821 Bergen

Åpningstider Åpen Barnehage: 
Mandag, onsdag og torsdag
kl. 09.00 -14.30

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"