Andakt søndag 8. november

Vi kan ikke møtes til gudstjeneste denne søndagen. Her er en andakt for teksten i dag.

Andakt søndag 8. november

Markus 10, 28-31

Da tok Peter til orde og sa: «Hva med oss? Vi har forlatt alt og fulgt deg.» Jesus svarte: «Sannelig, jeg sier dere: Enhver som har forlatt hus eller brødre eller søstre eller mor eller far eller barn eller åkrer for min skyld og for evangeliets skyld, skal få hundre ganger så mye igjen. I den tiden som nå er, skal han få hus, brødre, søstre, mødre, barn og åkrer – men også forfølgelser – og i den kommende verden evig liv. Men mange av de første skal bli de siste, og de siste skal bli de første.»


«Kva med oss?» spør Peter. Eit spørsmål som eg kjenner meg igjen i. «Kva med meg?» Eller ein kan skrive det om til; «Er eg rekna med?». Dette spørsmål har eg stilt meg mange gonger gjennom livet; blir eg rekna med av mine venner, i jobben, på skulen, i menighet, i familien og i forhold til Gud. Det er eit ganske sårt spørsmål å stille. Er eg med? Det er eit spørsmål som spør etter å bli bekrefta. Eit spørsmål der ein håpar på svaret: Ja. Du er rekna med!

Peter sitt spørsmål kjem ikkje ut av det blå. I forkant av denne teksten hadde Jesus snakka med ein rik ung mann, som hadde følgt alle bod i bibelen sidan han var liten, om kor vanskeleg det er for dei som stoler på rikdom å komme inn i Guds rike. Den rike unge mannen gjekk bedrøva bort, fordi han ikkje ville selje rikdommen sin.

«Kva med oss?» spør Peter. Han og dei andre disiplane hadde forlat familien, jobb, hus og heim. Var dette forgjeves for dei og? Ville dei sitte igjen med ingenting? Var dei rekna med? Jesus oppmuntrar Peter med å sei at i himmelen skal dei som har ofra mykje for han, få hundre gonger igjen. Men Jesus er ærleg med Peter om det vanskeleg og tunge. Han snakkar om at dei vil møte forfølging og.

For Peter, dei andre disiplane og dei første kristne opplevde forfølging. For oss er det å bli forfølgt på grunn av vår tro ein veldig fjern tanke. Men det er mange kristne i verden i dag som blir forfølgt og undertrykt på grunn av sin tro. Dei kjenner direkte på livet at det kostar å følgje Jesus. Men sjølv om vi ikkje opplever forfølging eller undertrykking, kan vi kjenne på at det kostar å følgje Jesus i ulike samanhengar.

Kva med oss? Vi er rekna med av Jesus, på same måte som Peter, disiplane og alle som har følgt Jesus og satsa sitt liv på han. Ja, vi som trur er rekna med. Men det ligger kanskje eit ekstra håp for dei som kjenner på offeret og forfølginga i Jesu ord: «Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første».

 

Oddbjørn Stubhaug, prest Fridalen

 

Bildet er tatt av PublicDomainPictures fra Pixabay 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"