Jesu dåp - i Jordan og i Fridalen

Signa søndag! Det er Jesu dåpsdag i dag. Når vi ikkje kan samlast og feire gudsteneste saman, vil eg oppfordre deg til å lese alle tre tekstane som høyrer denne dagen til: 2. Mosebok 1,22-2,10 om Moses sin dramatiske start på livet og Paulus brev til Efesarane 1,7-12 om kva vi har fått i vår dåp. I evangeliet etter Markus 1,3-11 les vi om korleis Jesu dåp skjedde:

Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans  rette!
4 Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5 Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6 Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7 Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8 Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.» 9 På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. 10 Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due. 11 Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

Det er mykje som strøymer i tekstane i dag!
Det strøymer VATN. I fortellinga frå 2. Mosebok må den 3 månadar vesle babyen Moses bergast. Farao sitt påbod er vondt, Nilens krefter er sterke og livstrugande. Vern må til. Mor vil verne – ho ser ein fin gut som må vernast. Mor byggjer vernet. Syster passar på der ved elvebreidda – og ho er lur. Når Moses blir funnen, spør syster til Moses Farao si dotter om ho ikkje skal finne ei amme. Farao si dotter fylgjer ikkje Farao sitt påbod. Ho bergar vesle Moses og dreg Moses ut av vatnet. Farao si dotter bidreg til starten på heile Israelsfolket si berging.
Det strøymer også MELK i historien om babyen Moses. Livgivande melk. Mors melk er næring, omsorg og eit godt grunnlag for det vesle livet. For vesle Moses skal bli stor og sterk og leie Israelsfolket gjennom ørkenen til det lova landet – det landet som strøymer av melk og honning. Det strøymer morskjærleik og systeromsorg til vesle babyen Moses. Mor er smart og føresjåande - slik mødre ofte er.

I Efesarbrevet er det BLODET som strøymer.
Utan blod, ikkje noko liv. Har du fått blodoverføring nokon gong, veit du det veldig godt. Og utan at den vesle, iherdige hjartemuskelen pumpar blodet rundt i kroppen, stoggar livet. Kulden kjem. Døden.
Paulus skriv alt anna enn anemisk! Blodet strøymer. Jesu blod. Den fridomen vi har, er kjøpt og betalt. Den nåden vi får, er gratis for oss. Guds nåde strøymer bokstavleg talt over oss. Gud har ein plan med å la blodet strøyme. Paulus kallar den planen Guds viljes mysterium. Med god grunn. For kven kan fatte at alt i himmelen og alt på jorda er samla i Kristus? Kven kan fatte Guds uendelege godleik? Guds uavgrensa nåde? Som strøymer og strøymer over oss…

Det strøymer ANDE i evangeliet.
Anden strøymer så tydeleg at den gjer seg særleg synleg som ei due over Jesus. I nokre kyrkjer heng dua over døypefonten. Det heng direkte saman med denne forteljinga. For DÅP – det er vatn saman med Ande.
VATNET er det livgjevande. Vatnet i Jordan er dåpsvatn. Livsens vatn. I kontrast til Nilens faretrugande. Vatnet i Jordan  er livsfornyande. Anden er sjølve livet og livspusten. Difor strøymer det også LIV i evangelieteksten. 
Det som strøymer - det lever! Det vil vidare. Let seg ikkje stogge.

I Jesu dåp er det livet med stor L som blir proklamert! LIVET som utfordrar dødskrefter. Vi kan sjå det i den nye altertavla vår; Jesus stig veldig tydeleg ned både i dåpsvatnet i elva Jordan, men også ned i alt det som er vondt i verda; kaos, mørke, angst, nød… Jesus er konsentrert. Ber han? Velsignar alt dette som omgir han? Som ventar han? Som trenger seg på han og tynger han?
Kunstnaren Håkon Gullvåg sin måte å framstille Jesu dåp set i gong mange tankar. Vi ser også Johannes døyparen tydeleg – vi kan nesten høyre han ROPE:  Det kjem ein etter meg som er sterkare enn meg! Og Johannes sjølv er verkeleg inga pingle; han held seg i øydemarka, lever av grashopper og villhonning og har eit antrekk – kamelhårskappe. Johannes ropar ut – i øydemarka – mot vondskapen: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!
Johannes går føre Jesus. Johannes døyper Jesus. Jesu dåp er vår dåp.
Jesus er vår bror. Gud er også vår Far. Han seier - også til meg: Du er barnet mitt, som eg elskar, i deg har eg mi glede!
Dåp er stor glede! Vi blir vaska reine av vatnet. Vi blir velsigna av den heilage Ande til livet som alltid skal strøyme i og gjennom oss. Vi blir eitt med Jesus Kristus og får del i hans død og oppstandelse.
Dåp er også stort alvor; vi får det livslange kallet til å rope ut i øydemarka mot vondskap - til å kjempe mot den. Motet til kampen ligg gøymt i dåpen. Og nåden vi får i dåpen vil aldri slutte å strøyme!

Lat oss be:
Heilage Gud, du lét den elska Son din bli døypt for å bera synda i verda. Vi bed deg: Forny oss i dåpen vår, så vi alltid følgjer etter Jesus Kristus, vår Herre, han som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.

Kontaktinformasjon for Fridalen menighet

Åpningstider kontor:
Tirsdag, torsdag og fredag
kl. 09.00 - 15.00

Tlf: 55 30 81 20

E-post: fridalen.menighet.bergen(a)kirken.no

Besøksadresse:
Roald Amundsens vei 100
5067 Bergen

Postadresse:
Postboks 74, Slettebakken
5821 Bergen

Åpningstider Åpen Barnehage: 
Mandag, onsdag og torsdag
kl. 09.00 -14.30

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"