Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Tre lister ved bispedømerådsvalet i Bjørgvin

Valrådet i Bjørgvin har motteke og godkjent tre lister til valet av sju leke medlemer til bispedømeråd ved kyrkjevalet 9. september. For første gong blir det altså forholdstalsval med fleire lister i Bjørgvin.

Dei tre listene er, i alfabetisk rekkefølgje, Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Open folkekyrkje si liste.

Ved fristen for innlevering av listeforslag den 30. april, oppfylte alle tre listene krav om minst 20 prosent kandidatar under 30 år og minst 40 prosent kandidatar av kvart kjønn.  Alle har også kandidatar frå minst tre prosti i bispedømet. Fristen for å trekka seg frå eit listeforslag var 6. mai kl. 14.00. Då hadde to kandidatar frå nominasjonskomiteens liste og ein kandidat frå Open folkekyrkje si liste trekt seg. Listene er likevel godkjende.

Evt. klage med krav om endring av valrådet sine vedtgak om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag, må framsettast innan sju dagar etter offentleggjering av overskriftene på dei godkjente vallistene, jf. valreglane § 7-7.

I tillegg til dei sju leke medlemene, skal det veljast eitt medlem av og blant prestane, og eitt medlem  av og blant andre (lek) tilsette i kyrkja. Desse to veljargruppene har sine eigne lister.  

Listeforslag Bønnelista

  1. Stein Oltedal, Naustdal. f. 1952
  2. Solaug Anita Apelthun Sæle, Fjell. f. 1951
  3. John Eivind Warvik, Ortnevik. f. 1994
  4. Anne Kristine Torvik Christiansen, Fjell. f. 1954
  5. Øyvind Skartveit, Tysnes. f. 1992
  6. Magdalena Steinhovden, Naustdal. f. 1947
  7. Stig Bruun, Rådal. f. 1968
  8. Jan Frank Leirkar Christiansen, Fjell. f. 1952
  9. Anna Helena Bruun, Rådal. f. 1974
  10. Andreas Skjelde. Slettebakken. f. 1993

Listeforslag Nominasjonskomiteens liste

  1. Vemund Atle Øiestad, Nordsida i Nordfjord. f. 1948
  2. Turid Fjose, Voss. f. 1969
  3. Per Hilleren, Stedje. f. 1959
  4. Mali Smemo Hjemdal, Etne. f. 1973
  5. Gerhard August Hansen, Os. f. 1951
  6. Daniel Kydland, Knarvik. f. 1997
  7. Madli Kvamme Hannisdal, Osterøy. f. 1950
  8. Leif Steinar Alfsvåg, Stord. f. 1959
  9. Harald Berge Breistein, Åsane. f. 1956
  10. Arve Kjell Uthaug, Frekhaug. f. 1967
  11. Kristian Slettebø, Bergen. f. 1989
  12. Liv Oddlaug Skaaheim, Førde. f. 1948
  13. Ingrid Grimstad, Stord. f. 2000

Listeforslag for Open folkekyrkje

  1. Karl Johan Kirkebø, Bergen f. 1950
  2. Nora Sætre Baartvedt, Voss. f. 1994
  3. Runar Larsen, Sveio. f. 1997
  4. Line Berggreen Jacobsen, Bergen. f. 1986
  5. Oddny Irene Miljeteig, Bergen. f. 1954
  6. Eiel Holten, Bergen. f. 1968
  7. Åse Kongsvik, Leikanger. f. 1962
  8. Erik Torp Nilssen, Førde. f. 1947
  9. Torill Jørgensen Frøise, Askøy. f. 1972
  10. Håkon Glatved-Prahl, Alversund. f. 1956
  11. Marit Melvær Berge, Florø. f. 1952
  12. Christian Emil Haugen, Bergen. f. 1990
  13. Therese Nesse Mokkelbost, Bergen. f. 1973
  14. Ann Elisabeth Tveit, Bergen. f. 1972

Stemmetillegg

Nomineringsgruppene Bønnelista og Open folkekyrkje har gitt stemmetillegg til sine to øvste kandidatar. Det betyr at desse får eit stemmetillegg i sitt personlege stemmetal på 25 % av det talet stemmesetlar lista mottar i valet. For nominasjonskomiteens liste er det ikkje høve til å gje slikt stemmetillegg.

Dette er eit forholdstalsval, der den endelege samansetjinga av rådet speglar både kor mange stemmer som gjekk til kvar enkelt liste og til kvar kandidat. Veljarane kan gje ekstra stemme til tre kandidatar og i tillegg flytta over inntil tre namn frå andre lister til den lista dei stemmer på.

Listeforslag for prester og lek kyrkjeleg tilsette

I eigne val i perioden frå 15. juni til 9. september skal prestane velje en prest som medlem i bispedømerådet. Dei andre kyrkjelege tilsette innanfor Bjørgvin bispedøme skal også velje sin representant til rådet i same periode. Dei to listene kan supplerast ved at høvesvis prestar og lek tilsette, minst ti i talet og med representasjon frå minst to prosti, kan fremje alternative kandidatar innan 5. juni.

Lek kyrkjeleg tilsette, alfabetisk ordna

Jostein Bildøy, konfirmasjonsansvarleg, Kinn

Ingrid Pedersen Furdal, antor, Sveio

Astrid Fylling, diakon, Løvstakksiden

Beate Nes, kateket, Stryn

Dag Reidmar Pettersen, kyrkjelydspedagog, Sund

 

Geistlege kandidatar, alfabetisk ordna

Kjersti Brakestad Boge, sokneprest i Kvinnherad, Sunnhordland prosti

Hege Høibye, sokneprest i Hornindal og prostiprest i Nordfjord prosti

Magnar Haaland, sokneprest i Ulvik og Granvin, Hardanger og Voss prosti

Tor Martin Koppang, sokneprest i Biskopshavn, Åsane prosti

Kjersti Gautestad Norheim, sokneprest i Birkeland, Fana prosti

Alle kandidatar blir etter kvart presenterte på www.kirkevalget.no og www.kyrkja.no/bjorgvin, med bilde, namn og personalia. Dei leke kandidatane sitt syn på kyrkjelege aktuelle spørsmål blir presentert av den enkelte lista.

 

 

Kontaktinformasjon for Fyllingsdalen Menighet

Besøksadresse:

Nebbeveien 20

5144 Fyllingsdalen

Telefon: 55 59 71 40

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"