Rapport frå Seljumannamesse 2022

Kvart år i fleire år no har eg vore på Selju­mannamesse på øya Selja ytst i Nordfjord. Dette er ei økumenisk gudsteneste som vert helda utandørs i klosterruinene på øya i byrjinga av juli.

Tidspunktet for messa knyter an til 8. juli, minnedagen for den heilage Sunniva. Ho var, ifylgje legenda, ei irsk kongsdotter som rømde frå ein vikingkonge som ville tvinge henne til å gifte seg med han, ga seg ut på havet med fylgjet sitt, og let seg drive dit Gud ville. Ho landa på Selja med ein del av fylgjet sitt, medan resten landa på øya Kinn utanfor Florø.

Pilegrimsvandring og konferanse

Foto av Ray Simpson
Ray Simpson, foto: talkingdoguk på Flickr. I bakgrunnen skimtar vi det kjende Lindisfarne Castle

Utanom sjølve gudstenesta vert det gjerne helde fleire andre arrangement. Fredag 1. juli var det jubileumsvandring på Selja i anledning av at Pilegrimsleia er 25 år. Laurdag 2. juli var det pilegrimskonferanse, der hovudtalaren var den engelske presten Ray Simpson. Han er ein eksponent for keltisk kristendom, og har si eiga nettside på raysimpson.org.

Konsert med strykekvartett

Eg var imidlertid ikkje på noko av dette; men eg var på konsert i Selje kyrkje laurdagskvelden. Denne konserten er også ein langvarig tradisjon, og innhaldet har vore veldig forskjellig frå år til år. Denne gongen hadde organisten i Selje, Jon Inge Sigerland, fått med seg fire strykemusikantar som jobbar profesjonelt i Nordfjord-området. Dei framførte mykje forskjellig slags musikk frå ulike tidsepoker, frå folkemusikk og barokk, via ragtime-komponisten Scott Joplin, til samtids­komponisten Fredrik Sjölin, og meir til.

Dette var musikarar som visste kva dei dreiv med, og dei fortente eit godt publikum. Og det var då også mange som hadde møtt fram denne fine kvelden, utan at eg akkurat talde dei.

Seljumannamessa

På søndagen var det sjølve hovudarrangementet, ei gudsteneste arrangert av Den norske kyrkja, men der vi også inviterer andre kyrkjesamfunn til å vere med.

Arrangementskomitéen flytta i år gudstenesta til Selje kyrkje på grunn av dårlege vêrmeldingar. Det vart ikkje heilt det same når vi ikkje var i dei veldig spesielle omgivnadane ute på øya. Men eg forstår det også. Eg har visst vore med på å sitje der ute i regnet, medan programheftet klistrar seg saman på grunn av væta.

Så vi sat trygt og turt mellom tømmerveggane i Selje kyrkje, medan vêret utanfor vart akkurat så gjennomtrengjande vått som frykta. Programmet vart gjennomført mest mogeleg slik det ville ha vore på øya, der m.a. musikken var ved ein blåsekvintett dirigert av Sigerland.

Ray Simpson si preike

Preika var ved Ray Simpson, hovudtalaren på den tidlegare pilegrimskonferansa. Han tok utgangspunkt i 1 Tessalonikarbrev 2,7: «Vi var milde mot dykk, som når ei mor steller om borna sine»; og Matteus 9,36: «Og då Jesus såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar».

Foto av keltisk kross
Keltisk kross, foto frå pxhere.com.

Simpson snakka om at kristendomen historisk har kome på to måtar: Den eine der krossen vert eit sverd, og kjem med makt og rikdom og tvingar seg på folk. Den andre der krossen kjem i ein ring, som i den keltiske krossen, der ringen står for Jesu altomsluttande kjærleik. Det er ein kristendom som kjem forsvarslaus, utan makt og rikdom, og gjer seg sjølv til alle sin tenar.

Som eit førebilete trekte Simpson fram den heilage Aidan (død 651), den fyrste biskopen av Lindisfarne (Lindisfarne er ei øy utanfor kysten av Northumberland i England). Aidan levde enkelt, i teneste for andre. Då kongen ville gje han ein hest for å kome lettare rundt, takka han nei, fordi det ville setje han over dei han virka blant. Når nokon ga han pengar, ga han dei vidare til fattige, eller brukte dei til å kjøpe fri slavar. Og berre når han vart beden om det, delte han evangeliet med andre.

Aidan la også stor vekt på vedhaldande bønn, som å be i 40 dagar. Og Simpson utfordra oss til også å bruke bønn mykje.

Simpson minte oss også på korleis Sunniva ga avkall på alt og ga seg ut på havet for å la Gud føre henne. Er vi villige, spurde han, til å gje avkall på pengar og privilegium og la Gud føre oss dit hen vil på sin kjærleiks hav?

Selje kyrkje med Ray SImpson som talar
Ray Simpson talar i Selje kyrkje. Foto: Jenny Kristin Myklebust, kyrkjetenar i Selje.

Etter gudstenesta drog nokre av oss likevel ein tur ut på øya. Det var godt å gå omkring der ei stund i dei fredfylte omgivnadane.

Neste års Seljumannamesse vert søndag 2. juli 2023.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Løvstakksiden menighet – Solheim og St Markus kirker

⛪ Besøksadresse (Solheim kirke):
Hordagaten 28, 5055 Bergen
🗺️ Vis i kart  

⛪ St Markus kirke:
Lien 45, 5057 Bergen
🗺️ Vis i kart  

📯 Postadresse:
Løvstakksiden menighet
Hordagaten 28, 5055 Bergen
📓 Organisasjonsnr: 976 994 221
💳 Bankkonto: 5083.05.65067
 VIPPS nr: 537837
🎁 Bankkonto gaver: 1506.40.02551
🎁 Vipps nr gaver: 609463

🕙 Kontortid: Om du vil være sikker på
å treffe den du vil, bør du avtale på forhånd.
📞 Tlf: 55 30 81 30
📧 E-post: lovstakksiden.menighet.bergen@kirken.no
📧 E-post om utleie av lokaler: utleie.lovstakksiden.bergen@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"