Helsehjelp for alle i Tanzania

Ei gladnyheit: Tanzania har fått ei ny lov som sikrar helsehjelp for alle i landet.

President Dr. Samia Suluhu Hassan i Tanazania signerer lova om universell helseforsikring. Foto frå Tanzania Invest

Tekst: Knut Kvalsvik

I Tanzania – som i mange andre land – har det hittil vore slik at den enkelte må betale for helsehjelp, med det resultat at mange fell utanfor. Men i fleire år har gode krefter arbeidt for å sikre helsehjelp til alle. Blant desse er Kirkens Nødhjelp, som har vore ein viktig pådrivar. No har dette arbeidet lukkast.

1. november 2023 vedtok parlamentet i Tanzania ei ny lov om dette, og 4. desember vart lova underskriva av president Dr. Samia Suluhu Hassan. Lova er planlagt å gjelde frå 1. juli 2024, og forhåpentlegvis går alt etter planen.

Det vanskelegaste ved helsehjelp for alle er alltid finansieringa. Lova bestemmer at fleirtalet av innbyggjarane skal betale inn til eit felles forsikringsfond, samtidig som dei fattigaste er fritekne frå å betale. Skatt på ei rekkje varer er også med og finansierer helsetenestene.

Forhåpentlegvis vil dette setje presedens for andre land, slik at fleire kan få ei liknande ordning. Tenk om universell tilgang til helsehjelp kunne verte norma i alle land!

Les meir i artikkel frå Kirkens Nødhjelp og frå Tanzania Invest (lenkjer under).

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"