Kyrkjeåret og liturgiske fargar

Den norske kyrkja, liksom fleire andre kyrkjesamfunn, deler året inn i perioder og brukar bestemte fargar for kvar periode.

Kyrkjeåret

Kyrkjeåret er ei inndeling av året i perioder utfrå kristne høgtider. Kvar periode har sitt tema. Dette gjev ein struktur til året og kva kyrkja gjer til ulike tider.

Ei slik inndeling var noko ein byrja med tidleg, allereide på 300-talet under keisar Konstantin. Difor deler vi, naturleg nok, dette systemet med mange andre kyrkjesamfunn, særleg med den katolske kyrkja. Kvart kyrkjesamfunn har likevel gjerne nokre eigne vriar.

Liturgiske fargar

Etterkvart byrja ein også å tilordne bestemte fargar til kvar periode, gjerne kalla liturgiske fargar. Dette kom fyrst og fremst frå 1200-talet og utover. Den katolske kyrkja kom i 1570 med vedtak om kva fargar dei skulle bruke. Den norske kyrkja har eit liknande, men likevel litt ulikt opplegg.

Fargane vil typisk vise igjen i presten/liturgen si drakt, meir spesifikt på stolaen og messehagelen; dessutan på alterkledet (antependiet) og på preikestolkledet.

Periodene

Kyrkjeåret byrjar med fyrste søndag i advent, og er inndelt slik:

  • Advent (lilla farge). Denne tida vert bestemt slik at 4. søndag i advent seinast er 24. desember. Denne søndagen og julafta kan altså falle saman.
  • Jul (kvitt og gull). Startar 25. desember.
  • Openberringstid (grøn farge). Startar på Kristi openberringsdag, som hos oss er 1. søndag etter nyttårsdag, altså tidlegast 2. januar. Medan perioda generelt er grøn, har den fyrste søndagen kvitt og gull.
  • Faste (lilla farge). Denne perioda startar med Oskeonsdag, som er 40 kvardagar før påskedag. Denne perioda er altså knytt til datoen for påske; og sidan den siste er nokså variabel, vert også oskeonsdag tilsvarande variabel. Perioda før, openberringstida, må difor tilpasse seg ved å vere kortare eller lenger.
  • Påske (kvitt og gull). Denne perioda startar 1. påskedag, og berekninga av når 1. påskedag er, er ei komplisert historie. Den omfattar altså ikkje den stille veke, som vi gjerne kallar påskeveka, denne høyrer til fastetida. Men den inneheld Kristi himmelfartsdag, som er 40. påskedag, eller 39 dagar etter 1. påskedag om ein vil.
  • Pinse (raud farge) reknar vi å starte pinseaftan. 1. pinsedag er 50. påskedag, eller 49 dagar etter 1. påskedag om ein vil.
  • Treeiningstida (grøn farge). Denne startar med Treeiningssøndag, som er søndagen etter pinse. Sjølve denne fyrste søndagen brukar kvitt og gull.

Nokre dagar innanfor kvar periode kan ha ein annan farge enn den overordna fargen for perioda.

Treeiningstida vert også omtalt som «alminneleg tid» eller «det festlause halvåret», medan dei andre periodane til saman utgjer «festhalvåret».

Meir informasjon

Institutt for kristen oppseding, IKO, har laga ein fin plansje som ein kan printe ut, og som gjev ein veldig grei oversikt over kyrkjeåret. Det finst også ein fin oversikt ved tidlegare prest Harald Kaasa Hammer. Sjå lenkjer nedanfor.

 

Kontaktinformasjon for Løvstakksiden menighet – Solheim og St Markus kirker

⛪ Besøksadresse (Solheim kirke):
Hordagaten 28, 5055 Bergen
🗺️ Vis i kart  

⛪ St Markus kirke:
Lien 45, 5057 Bergen
🗺️ Vis i kart  

📯 Postadresse:
Løvstakksiden menighet
Hordagaten 28, 5055 Bergen

🏛 Bankkonto: 5083.05.65067
 VIPPS nr: 537837
🎁 Bankkonto gaver: 1506.40.02551
🎁 Vipps nr gaver: 609463

🕙 Kontortid: Mandag–fredag kl 10–15
Prestene kan treffes etter avtale
📞 Tlf: 55 30 81 30
📧 E-post: lovstakksiden.menighet.bergen@kirken.no
📧 E-post om utleie av lokaler: utleie.lovstakksiden.bergen@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"