Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Utleige av lokale

Du kan leige lokale i våre to kyrkjer: St Markus kyrkje og Solheim kyrkje.

Løvstakksiden menighet disponenerer to kyrkjer: St Markus og Solheim. Kyrkjene har kvar sin menighetssal – altså eit anna stort rom enn kyrkjeromet. Desse menighetssalane kan leigast ut til forskjellige formål; det kan vere feiringar som bursdagar, konfirmasjonar o.l., det kan vere minnesamver, det kan vere årsmøte/generalforsamlingar, det kan vere andre samankomstar der ein treng eit møtelokale.

For adresser til kyrkjene og å sjå dei på kartet, sjå nederst.

Ta kontakt med menighetskontoret i god tid i førevegen for å spørje om å leige lokale, sjå kontaktmulegheiter nederst på sida. Vil du sende e-post, så merk at der er ei eiga e-post-adresse for utleige av lokale, utleie.lovstakksiden.bergen@kirken.no. Det er likevel ikkje kritisk kva adresse du brukar eller korleis du tek kontakt.

Pris

Vi held rimelege prisar, vi ser det ikkje slik at dette er noko vi skal tene masse på. Ta kontakt for å spørje om pris.

Plass

I St Markus kan ein få inn 60–70 personar ved langbord. Ein kan elles bruke småbord eller langbord som ein vil. I Solheim er der bord og stolar til omtrent det same. Men her kan lokalet verte større når ein dreg til side faldedører, og med ekstra bord og stolar kan ein få inn oppimot 100 personar.

Utsjånad

Begge salane er lyse og trivelege. St Markus menighetssal er den nyaste, og har panorama-vindu ut mot grasbakken nedanfor, og med utsikt mot Puddefjorden og Småpudden. Solheim menighetssal ligg litt meir inneklemt.

For pynting av lokala for anledninga må ein sjølv ha det som skal til og stå for dette.

Toalett og garderober

Begge stadar er der litt garderobeplass, men ikkje veldig mykje. Der er også toalett i god stand, handikap-toalett, og stelleplass for spebarn.

Kjøken

Begge stadar er det kjøken med ein god del utstyr. Det lønner seg likevel å sjå over kjøkenet i god tid, om der er dei tinga ein treng, og evt ta med seg ekstra ting ein har behov for.

Begge kjøkena har storkjøken oppvaskmaskin. Her bør ein også i god tid setje seg inn i korleis desse skal betjenast, og evt be om litt brukarvegleiing viss ein treng det.

Tilkomst

I Solheim er der trapp ned til menighetssalen frå hovud-inngangen. Men der er også ei heis ned, for rullestolbrukarar eller andre som ikkje kan/vil bruke trappa. Det er også muleg å komme trappefritt inn, via ei bakdør ved sidan av kjøkenet.

I St Markus er der eigen inngang til menighetsavdelinga, på nedsida av kyrkja. Her skal det vere lett for alle å komme inn.

Lyd og musikk

Begge salane har eit enkelt høgtalar-system. Begge salane har piano. Elles må ein ta med seg det ein treng av musikk-instrument og/eller lydanlegg.

Leige av kyrkjeroma

Også kyrkjeroma kan leigast, når dei elles er ledige; og til formål som passar inn i eit kyrkjerom, det mest aktuelle er kanskje konsertar.

Kyrkjeromet i Solheim har plass til ca 2–300 personar, St Markus kan romme ca 600 personar.

Musikk

Vi framhevar gjerne St Markus som spesielt eigna for musikk. Her er det eit velutstyrt orgel, og eit flygel. I Solheim er orgelet noko enklare, og der er eit godt piano.

Begge stadar har enkle høgtalaranlegg m/teleslynge, berekna på tale. Vil ein ha eit betre lydanlegg for song, må ein ta med dette sjølv.

Tilkomst

I Solheim kan ein komme med rullestol til hovud-døra, men der er ein liten terskel. I St Markus er der nokre trappetrinn opp til hovuddøra, men der er rullestolrampe opp til ei sidedør. Gjennom sidedøra kan ein også komme inn og ut med barnevogn.

Kontaktinformasjon for Løvstakksiden menighet – Solheim og St Markus kirker

⛪ Besøksadresse (Solheim kirke):
Hordagaten 28, 5055 Bergen
🗺️ Vis i kart  

⛪ St Markus kirke:
Lien 45, 5057 Bergen
🗺️ Vis i kart  

📯 Postadresse:
Løvstakksiden menighet
Hordagaten 28
5055 Bergen

🏛 Bankkonto: 5083.05.65067
 VIPPS nr: 537837

🕙 Kontortid: Onsdag og fredag kl 10–14
Prestene kan treffes etter avtale
📞 Tlf: 55 30 81 38
📧 E-post: lovstakksiden.menighet.bergen@kirken.no
📧 E-post om utleie av lokaler: utleie.lovstakksiden.bergen@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"