DAGENS BIBELVERS

Matteus 7,1–5

1 Døm ikkje, så de ikkje sjølve skal bli dømde! 2 Etter dommen de dømmer med, skal de sjølve dømmast, og i det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk. 3 Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje? 4 Eller korleis kan du seia til bror din: ‘Lat meg ta flisa ut av auget ditt’ når det er ein bjelke i ditt eige? 5 Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge! Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.