Dagens bibelord

Malaki 3,1–5

1 Sjå, eg sender min bodberar, han skal rydda veg for meg. Brått kjem han til sitt tempel, Herren som de søkjer, og bodberaren for pakta, han som de lengtar etter, sjå, han kjem, seier Herren over hærskarane. 2 Men kven kan tola den dagen han kjem, kven kan stå seg når han syner seg? For han er lik elden til smeltaren, lik luten til vaskarane. 3 Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet. Han skal reinsa levittane, lutra dei som gull og sølv, så dei kan bera fram for Herren offer på rett vis. 4 Då skal offera frå Juda og Jerusalem vera til glede for Herren som i gamle dagar, i tidlege år. 5 Eg kjem til dykk og held dom. Eg skundar meg å vera vitne mot dei som driv med trolldom, mot dei som bryt ekteskapet, mot dei som sver falskt, mot dei som held att løna for dagarbeidaren, mot dei som undertrykkjer enkjer og farlause og avviser innflyttaren, og som ikkje fryktar meg, seier Herren over hærskarane.