«Opp vi farer….»

Rett før påske hadde eg mange gravferder. Det er sårt å miste dei ein er glad i. Og endå verre blir det når ein må velje kven som skal få vera med. For i desse tider er det ikkje alle som kan delta...

Skrevet av sokneprest Jan Helge Eggestøl:

Rett før påske hadde eg mange gravferder. Det er sårt å miste dei ein er glad i. Og endå verre blir det når ein må velje kven som skal få vera med. For i desse tider er det ikkje alle som kan delta. Det er grenser for kor mange som kan vera ilag. Då er det slik at familien til den døde må velje kven som får vera med. For mange blei det ein krevjande prosess. For vi vil jo gjerne at alle dei som har betydd noko er med.

Jesu nærmaste måtte og gjennom ein sår prosess når dei opplevde å vera vitne til det som Jesus måtte gjennom. Avskjeden blei ikkje slik dei hadde venta. Det var sårt og vondt.

Så må mange av oss gå den tunge vegen. Det er ingen lett veg. Særleg når vi ikkje får ha med oss dei vi gjerne ville dele dei tunge stega ilag med.

To kvinner hadde funne i lag. Dei gjekk til Jesu grav. Dei gjekk med tunge steg. Og så ser dei noko dei ikkje hadde trudd skulle skje

«Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp (Lukas 24,2-3)

Etter at Jesus var avretta var disiplane redd og hadde gøymd seg. Men to kvinner vann over redsla og gjorde det som var vanleg. Dei gjekk til grava for stelle kroppen til Jesus. Og så blei den turen til noko dei ikkje kunne gløyme og dei sprang av garde for å fortelja til dei redde disiplane at grava var tom. Det som ikkje kunne skje hadde likevel skjedd. Spådomen om at Jesus skulle stå opp var verkeleg.

N.S.F. Grundtvig er forfattar til salmen «Påskemorgen, slukker sorgen» I det siste verset i salmen står det slik: «Se i skarer opp vi farer, opp vi farer frå grav i sky» Grundtvig levde seg så sterkt inn i det som skjedde i påsken at han ser for seg at han er vitne til det same på kyrkjegarden som kvinnene opplever ved Jesu grav. At gravene er tomme og at menneske står opp og blir levande. Eit bilete som er uventa og usannsynleg. Slik det var for kvinnene på veg til Jesu grav.

Sorg, tunge steg og å stå åleine er ei erfaring som mange deler. Påske handlar om at det er ein del av verkelegdomen. Men påsken er og ei tid for håp og at det uventa kan skje.

God påske!

Jan Helge Gram Eggestøl

Sokneprest i Storetveit

Her er lenke til Gruntvigs og Lindemans kjente påskesalme: https://www.youtube.com/watch?v=tq6d983T-R8

 

Kontaktinformasjon for Storetveit menighet

Besøksadresse:

Kirkevegen 27

5072 BERGEN

Postadresse:

Kirkevegen 27

5072 BERGEN

Tlf: 55 30 81 10

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"