Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Draumkvedet

Folkesongaren Berit Opheim overtek stafettpinnen etter Sigrid Moldestad på den tradisjonsrike trettandedagsframføringa av Draumkvedet.

Kvart år sidan 1999 har Draumkvedet vorte framført i Fantoft stavkyrkje på trettandedagen jul, 6. januar, med unnatak frå i år då det blei framførd i Storetveit kyrkje. Etter å ha «overvintra» i Fantoft stavkyrkje i 20 år «flyttar Draumkvedet no inn i varmen» i katedralen på Storetveit.

Nytt av året er også at kvedaren ikkje vil bli ståande aleine framom publikum, men vil bli akkompagnert av musikarane Per Jørgensen (trompet) og Sigbjørn Apeland (orgel).

Draumkvedet er Noregs einaste visjonsdikt, og handlar om ei draumereise til det hinsidige og kva som vil skje på dommedag. Handlinga er sett til romjula, ei tid som gjennom alle tider har blitt sett på som ei overgangstid då det andelege er spesielt nært på oss. Ein veit ingenting om kven som har skrive Draumkvedet, men i 1890-åra tok professor Moltke Moe brotstykker frå ulike kjelder og sette desse saman til ei utgåve på 52 vers. Diktet fortel om Olav Åsteson, som legg seg ned på julekvelden og fell i djup søvn. Trettandedag jul vaknar han, samstundes med at folk er på veg til kyrkja. Medan han sov, har han sett livet etter døden, korleis synder vert straffa, og fått ein glimt av Paradis. Olav rir difor til kyrkja for å fortelja om det han har sett. Etter gamal tru trudde måtte sjela gjera ei lang reise etter døden. Olav Åsteson gjorde denne reisa i levande live.

 – Draumkvedet er tidlaus dikting, som talar til oss på ulike måtar kvar gong me høyrer det, seier Sigbjørn Apeland.– Mykje er uforståeleg, i alle fall for meg, og noko er attkjenneleg. Men det kjennest aldri ubetydeleg. Dei tradisjonelle melodiane har slitestyrke til å brukast heile livet, og dei toler å verta ikledd ny musikalsk drakt – igjen og igjen. Dette vert ein kombinasjon av tekstleg og musikalsk tradisjonsformidling og samstundes noko heilt nytt.

 

Fakta:

Draumkvedet vert framført i Storetveit kyrkje søndag 6. januar 2019

kl 19.00.  Billetta kr 200,- ved inngangen. Arrangør: Storetveit

kyrkjelyd med støtte frå Bergen kommune.

 

TEKST: Magne Fonn Hafskor/Jostein Aarvik

Kontaktinformasjon for Storetveit menighet

Besøksadresse:

Kirkevegen 27

5072 BERGEN

Postadresse:

Kirkevegen 27

5072 BERGEN

Tlf: 55 30 81 10