HELGEMESSE – ALLEHELGENS DAG – MINNEDAG - 2020

På hausten – fyrste søndag i november – har vi Helgemesser i kyrkjene våre i Nord-Fron. Desse gudstenestene har skifta karakter over tid. Frå gamalt av var denne søndagen ein dag for å minnast alle dei helgenane som ikkje hadde eigen dag på kalenderen (Som til dømes Olav den heilage, (Olsok) 29.juli, eller døyparen Johannes, (Jonsok) 24.juni. I Noreg hadde vi primstavar med symbol for dei viktigaste helgenane. Frå nettet kan vi lesa:

«En primstav er en såkalt evighetskalender. Den var ofte utskjært i tre, med én strek for hver dag og symboler for ulike helligdager. Som regel har den to sider: én for vinterhalvåret og én for sommerhalvåret. Dermed kunne man telle seg gjennom dagene. Norske primstaver kan dateres tilbake til 1500-tallet. Primstaven var vanlig å bruke i Norge helt fram til 1700-tallet»I vår kyrkje, der det talast lite om helgenar, har Helgemesse – eller bokmål: «Allehelgens dag» mista mykje av det gamle innhaldet. Dagen har vorte ein minnedag for dei vi har mist. Vi les opp namna på dei som har vorte gravlagt siste året, og vi er saman i sorga og stør kvarndre.

Her hjå oss i Nord-Fron brukar vi å ha gudsteneste i alle kyrkjene våre. I år – med Korona-pandemien som bakteppe – må vi gjera nokre grep så alle kan vera med! Difor gjer vi følgjande i år:Alle kyrkjene vert haldne opne ei tid, så folk som ynskjer det, kan kome innandørs i varmen, sitje roleg i kyrkja med dei tankane som kjem på ein slik dag, be, tenne lys for den i familien som er gravlagt siste året, eller berre vere ein del av fellesskapen på ein dag vi treng kvarandre.

Det blir samlingar – utandørs – på kyrkjegarden på alle kyrkjegardane våre. Vi lagar ei kort gudstenesteleg samling, der vi syng ein salme, les ei tekst, les opp alle namna på dei som er gravlagt på kyrkjegarden siste året, ber ei bøn og Herrens bøn (Vår Far i himmelen) og avsluttar med ei salme.Vi veit ikkje korleis vèret blir, så vi får oppmode kvarandre til å kle oss godt og vere førebudd på litt tid i ro ute på kyrkjegarden. Med denne måten å gjera samlingane på minnedagen, håper vi å kunne inkludere alle som ynskjer det, og samstundes klare å halde alle reglane som krevjast i ei tid med Korona: Ein meters avstand, god handhygiene, hoste i ålbogehola og halde oss heime om vi ikkje er friske.

Samlingane på kyrjegardane blir:

Kvam kyrkjegard kl 13.00

Kvikne kyrjegard kl 11.00

Skåbu kyrkjegard kl 12.00

Sødorp kyrkjegard ved kapellet kl 12.00

Sødorp kyrkjegard ved kyrkja kl 11.00

 

Kyrkjene er opne til følgjande tider:

Kvam kyrkje              11.00 – 15.00

Kvikne kyrkje             11.00 – 13.00

Skåbu kyrkje              11.00 – 15.00

Sødorp kapell             12.00 – 14.00

Sødorp kyrkje             11.00 – 13.00

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Postadresse:

Nedregata 50, 2640 Vinstra

Beøksadresse:

Nedregata 54, 2640 Vinstra

Telefon:

61216290

E-post:

grete.bakken@nord-fron.kommune.no 

Kontortid: 09.00-13.00 (mån-fre) Eller etter avtale.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"