Ledig stilling som trusopplærar/kyrkjelydspedagog

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd har ledig 50% vikariatstilling som trusopplærar/kyrkjelydspedagog frå 1.mars 2021 - 28.februar 2022. Søknadsfrist 15.02.2021.

Kyrkja i Nord-Fron har lang tradisjon med arbeid blant barn og unge, eit arbeid som vart formalisert og satsa på gjennom trusopplæringsreforma på 2000-talet. «Størst av alt» er overskrifta for arbeidet, og planen «Gud gir – vi deler», vedteke av Kyrkjemøtet i 2009 ligg til grunn for arbeidet. Kyrkja i Nord-Fron jobbar samla og målretta for å inkludere barn og unge og skape rom for oppleving og bygging av tru.  Trusopplæraren har hovudansvar for å drive dette arbeidet i lag med øvrige tilsette og ikkje minst friviljuge.. Å skape trygge rom i kyrkja, der alle kan koma med sine liv og kor barn og unge kan kjenne seg som «størst av alt», i møte med kyrkja sin bodskap er viktig. Bærekraft, miljø og matproduksjon er eksempel på viktig tematikk som inkluderast i dei pedagogiske målsettingane.

Trusopplæringarbeidet følgjer vedtekne planar. Som trusopplærar i vikariat har du moglegheita til å nytte desse planane og gjennomføre gode arrangement som er godt utprøvd og som det ligg forventing til blant barn og ungdom i kommunen. Nye initiativ og idear som kan skape eit endå betre tilbod til målgruppene blir teke godt imot.

 

Arbeidsoppgåver

  • ha ansvar for planlegging og gjennomføring av trusopplæringstiltak blant born og ungdom i alderen 0- 18 år, saman med øvrige tilsette i kyrkja og trusopplæringsutval
  • oppfølging og rekruttering av frivillige medarbeidarar
  • medverking i gudstenester i samband med trusopplæringsarbeidet
  • Kvelds- og helgearbeid må påreknas

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning/erfaring innanfor pedagogikk og/eller kristendom.
  • God kommunikasjons og formidlingsevne i møte med born og ungdom.
  • Den som tilsetjast må vere medlem av Den norske kyrkje og ha engasjement og interesse for arbeidet.
  • Politiattest må framleggjast før tiltreding.
  • Beherske norsk skriftleg og muntlig.

 

Personlege eigenskapar

  • Fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
  • Du må kunne arbeide strukturert, åleine, og i samarbeid med kollegiet og friviljuge.
  • Du må trivast med born og ungdom.
  • Du må kunne ta initiativ, vere kreativ og strukturert.
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

 

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver og innverknad på eigen arbeidssituasjon
  • Godt arbeidsmiljø som byggjer på tryggleik og trivsel
  • Mogleg tilrettelegging for kombinasjon med anna arbeid i inntil 50% stilling
  • Løn i tråd med KA si tariffavtale
  • Medlemsskap i KLP
  • Kontorfellesskap på kyrkjekontoret i Nedregata 54 på Vinstra
  • Oppstart etter nærare avtale.

 

SØKNADSFRIST: 15.02.2021.

Ved nærare opplysingar om stillinga, ta kontakt med kyrkjeverje Torbjørn Sakariassen, tlf 61 21 62 92, eller trusopplærar Hildegunn Maria Haanes Ruset, tlf 959 35 300.

Søknad med CV og attestar sendast til torbjorn.sakariassen@nord-fron.kommune.no.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Postadresse:

Nedregata 50, 2640 Vinstra

Beøksadresse:

Nedregata 54, 2640 Vinstra

Telefon:

61216290

E-post:

grete.bakken@nord-fron.kommune.no 

Kontortid: 09.00-13.00 (mån-fre) Eller etter avtale.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"