Ledig stilling som diakon

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd har ledig 50% fast stilling som diakon frå 01.06.2021.

Nord-Fron kommune har ca. 5700 innbyggjarar, høyrer inn under Nord-Gudbransdal prosti og ligg ca. 8 mil nord for Lillehammer i naturskjønne område. I kommunen er det 4 kyrkjer og 2 kapell. Kyrkja har også gudstenester og andakter på Sundheim Bo- og treningssenter. Nord-Fron kommune har eit rikt musikk- og kulturmiljø. Kommunesenteret Vinstra er eit viktig handels- og næringssenter som er godt utbygd med barnehagar, barneskular, ungdomsskule, kulturskule og vidaregåande skule/kompetansesenter.


Arbeidsoppgåver:
• Leiing og vidareutvikling av det diakonale arbeidet i sokna, i henhold til vedtekne planar, og i samarbeid med diakoniutval, sokneråd og fellesråd.
• Organisering og leiing av arbeid med sorggrupper, besøksteneste og institusjonsbesøk.
• Leiing, rekruttering, organisering og gjennomføring av friviljuge medarbeidarar som er involvert i diakonalt arbeid.
• Være ein ressurs i konfirmantarbeid og trusopplæring.
• Samhandling med kommunale aktørar, samarbeidane sokn og friviljuge organisasjoner.
• Søkjer må pårekne noko kvelds- og helgearbeid.

Kvalifikasjonar:
• Utdanning slik det går fram av tenesteordning og kvalifikasjonskrav for diakonar, eller 3-årig høgskuleutdanning innan helse, sosialfag eller pedagogikk, 1-årig diakonutdanning (søkjar som ikkje innfrir desse krava, må forplikte seg til å ta nødvendig tilleggsutdanning).
• Søkjer må ha førarkort minimum klasse B, då tenestestadene strekkjer seg over eit større område. Kjøregodtgjersle etter Statens reglement.
• Den som blir tilsett, må vere medlem av Den norske kyrkja og ha engasjement og interesse for arbeidet.
• Politiattest må leggjast fram før tiltreding.
• Beherske norsk skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar:
• Fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
• Du må kunne arbeide strukturert, åleine, og i samarbeid med kollegiet og friviljuge.
• Du må trivast med så vel born og ungdom, som med godt vaksne og eldre.
• Du må kunne ta initiativ, vere kreativ og strukturert.
• Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:
• Varierte arbeidsoppgåver og innverknad på eigen arbeidssituasjon
• Godt arbeidsmiljø som byggjer på tryggleik og trivsel
• Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og KAs tariffavtaler.
• Medlemsskap i KLP
• Kontorfellesskap på kyrkjekontoret i Nedregata 54 på Vinstra
• Høve til fagleg oppdatering og deltaking på diakonisamlingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort.
SØKNADSFRIST: 15.02.2021.

Ved nærare opplysingar om stillinga, ta kontakt med kyrkjeverje Torbjørn Sakariassen, tlf 61 21 62 92.
Søknad med CV og attestar sendast til torbjorn.sakariassen@nord-fron.kommune.no

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Postadresse:

Nedregata 50, 2640 Vinstra

Beøksadresse:

Nedregata 54, 2640 Vinstra

Telefon:

61216290

E-post:

grete.bakken@nord-fron.kommune.no 

Kontortid: 09.00-13.00 (mån-fre) Eller etter avtale.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"