Konfirmanttur til Dovrefjell
30. oktober dro konfirmantane frå Nord-Fron saman med vaksenleiare til Dovre for å møte konfirmantane frå Dovre.
Les merVil du vera med på ein spanende reise fram til den høytidelige konfirmasjonsdagen? Du er velkomen som konfirmant i kyrkja uansett om du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølve og Gud. Og du får moglegheit til å utforske nokre av livets mange spørsmål i lag med andre. Vi snakker om livet - på godt og vondt. Samtidig får du mange nye opplevingar.
Ordet "konfirmere" betyr "bekrefte". Den norske kyrkje understrekar at det er Gud som bekreft sine løfter. Ved å delta i konfirmasjonstiden kan dei unge erfare, reflektere, og bli styrka i trua og sin tilhøyring til kyrkja. Konfirmasjonen er ein forbøns- og velsigningshandling, og i den avsluttande konfirmasjonsgudstenesta vert det bede for konfirmanten, og kyrkja bekreft at dei unge er døypd til eit liv i Kristus.
Konfirmasjonstida si basis er dåpen på same måte som for trusopplæringa for øvrig. Dåpen er ein føretsetnad for å delta i den avsluttende forbønsgudstenesta. Slik understrekast dåpens grunnleggande betyding for tru og tilhøyring til Kristus og kyrkja. Konfirmasjonstida er open for både døypte og udøypte ungdommar. For unge som ikkje er døypte, ynskjer kyrkja i konfirmasjonstida å veilede dei unge i ein prosess til eit sjølvstendig val i forhald til tru og dåp.
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert
Settings for this website / Location -> "Allow"