Som dei fleste kyrkjer har og Sødorp kyrkje vore rehabilitert. I april 2023 starta arbeid med å restaurere taket til kyrkja. Arbeidet vart ferdig i november. Dei «små tårna» eller fjaler, som dei kallast, har fått ei ny kobbar-kledd fasade etter arbeidet med taket, og kjem fram på biletet frå 2024.
Mykje av inventaret er laga av Kristen Listad i 1762–65. Det gjeld altertavle og preikestol, korbue, krusifiks og relieff-figurar av Peter og Sakkeus på to av dørene. Klebersteins-døypefonten er frå mellomalderen.
Det har vore utført arbeid på kyrkja før 2023. Og 1960-61, 80- og 90-talet vart det gjort ymse utbetringar. Blant anna var det setningsskader på kyrkja grunna belastninga frå kyrkjeklokkene. På 90-talet vart det difor sat ein klokkestøpul ved sida av kyrkja der klokkene vart flytta. Dette tiltaket gjorde det mogleg å rette opp at kyrkja (Ruset referert i Ottesen, 2002, s. 43). Innvendige oppgraderingar har og vore nødvendig. Kyrkja fekk blant anna digitalorgel på 2000-talet.
Mykje meir kan seiast om Sødorp kyrkje. I heftet Sødorp kyrkje 1752 -2002 utgjeve av Sødorp sokneråd er ei meir historisk oversikt supplert med utdjupande fakta. Og på Norske-kirker.net er ein meir samanfattande tekst om historia før og rundt Sødorp kyrkje. Denne kan du lese her. Dei nyaste hendingane knytt til arbeid på kyrkja frå dei siste åra kan lesast om i avisa Dølen (lenker på denne sida).
Kjelder:
Ottesen, P. (2002). Sødorp kyrkje 1752-2002. Nord-Fron: Sødorp sokneråd