Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Nasjonalt kyrkjeklokkeseminar i Valdres 28-29. mai

Aurdal Menighetsråd inviterer til det fyrste nasjonale seminaret for kyrkjeklokker i Aurdal og på Fagernes i Valdres. Under seminaret tek dei temperaturen på aktuelle problemstillingar i kyrkjeklokkemiljøet. Seminaret blir ein kombinasjon av føredrag med innleigde føredragshaldarar og ei praktisk tilnærming gjennom prøving av kyrkjeklokker og innføring i ulike ringeteknikkar og ringetradisjonar.

Det finst ingen liknande tiltak i Noreg i dag. Eit eige nasjonalt seminar for ringing representerer eit nytt og etterlengta tilskott i floraen av bevaringstiltak innan kulturminnevernet. 

Målet med seminaret er å auke medvitet og den generelle kunnskapen om klokketradisjon og ringing hjå kyrkjeleg tilsette, fellesråd og sokneråd, i kommunane og på lærestadene ved universiteta, men òg hjå folk flest med interesse for kyrkjeklokker og kulturarv.

Gjennom seminaret ynskjer vi å skape eit nasjonalt møterom for dei med særleg interesse for den manuelle ringinga, drøfte problemstillingar som sektoren står i, og finne løysingar som kan sameine ulike behov. Målgruppa er særleg kyrkjetenarar og andre kyrkjeleg tilsette, i fellesråd og sokneråd, i kommunane og på lærestadene ved universiteta, men òg hjå folk flest med interesse for kyrkjeklokker og kulturarv.

I Noreg finst ikring 1900 vigsla kyrkjer. Stadig fleire av dei vel å gå over frå manuell ringing til elektrisk ringing. Å ringe med kyrkjeklokker er ikkje lenger like sjølvsagt. Om nokre år er det snart ingen att som sit inne med kunnskapane om å ringe med kyrkjeklokker, og med det høge tempoet i installeringa av elektrisk ringing er ein tusenårig religiøs praksis og kulturtradisjon i ferd med å forsvinne: Eit stort tap for tradisjonen, for dei liturgiske handlingane, for den immaterielle kulturarven, for lyden av fellesskapen og for kvar einskild av oss.

 Under seminardagane blir det i alt 13 føredrag, prøveringing, festmiddag og klokkekonsert. 

For meir informasjon og påmelding sjå her, eller klikk på dokumentet under.

Kontaktinformasjon for Sør-Aurdal kirkelige fellesråd

Besøksadresse:
Tingvollbakkin 9. 
Kirkekontoret ligger i u-etasjen på kommunehuset i Bagn.

Postadresse:
Tingvollbakkin 15, 2930 BAGN

E-post:post.sor-aurdal@kirken.no.
Telefon: 61348580 
Telefon- og besøkstid: 
Tirsdag-torsdag  09-15