Gravplassvedtekter

Gravplassvedtektene har vore gjennom ein oppjustering, og dette er dei nye vi skal forhalde oss til.

GRAVPLASSVEDTEKTER, Vang kommune
Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21 (1) , § 8 (1) og § 14 (1) og forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd av 10. januar 1997 nr. 16 (gravplassforskrifta) § 15a (4), jf. gravplasslova § 14 (1) og § 21 (1)
Vedtatt av Vang kyrkjelege fellesråd 5. oktober 2023
Godkjent av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 22.september 2023.


§ 1 FORVALTNING
Gravplassane i Vang kommune er underlagt Vang kyrkjelege fellesråd sitt administrasjons- og myndigheitsområde.

§ 2. DEFINISJONAR
Gravplassmyndigheit: Vang kyrkjeleg fellesråd under utøving av forvaltningsansvaret sitt for gravplassane i Vang kommune, jf. gravplasslova med forskrifter.
Fri grav: Grav som gravplassmyndigheita har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.
Festa grav: Grav som det er inngått eller fornya festeavtale for, jf. gravplasslova § 14.
Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.
Ordinær urnegrav: Grav til oskeurne med plass til fire urner, jf. gravplassforskrifta § 14. 
Urnegrav i minnelund: Grav til oskeurne i minnelund med plass til éi urne.
Kistegrav: Grav som stettar forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner.
Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging.
Festetid: Tida det er avtala å feste ei grav for.
Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.
Festar: Den som står som part i ein festeavtale.
Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagde der.

§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE 
Besøkande skal om mogeleg ferdast gåande eller i rullestol, jf. gravplassforskrifta § 9 (2). 

§ 4. GRAVPLASSTILHØYRING
Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast på kva som helst av gravplassane i kommunen. Dei har rett til fri grav så framt grava er tilvist.
Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava er tilvist.
Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt.
§ 5. FREDINGSTID 
Fredingstid for kistegraver er 20 år.
Fredingstid for urnegraver er 20 år.
Gravplassmyndigheita kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver.

§ 6. FESTE AV GRAV MED MEIR
Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter søknad til gravplassmyndigheita; for ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad.
Ved bruk av ordinær urnegrav kan det ikkje bli festa ei grav ved sida av.
Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som blir tatt i bruk, er festetida 20 år.
Når festetida/fredingstida er ute, kan grava/gravstaden bli festa for nye 20 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter samtykkje frå gravplassmyndigheita.
I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.
Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.
Ingen kan bli gravlagt i festa grav/gravstad utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av grav, kan gravplassmyndigheita ta avgjersle om gravlegging. Festar pliktar å melde adresseendring. 

§ 7. GRAV OG GRAVMINNE
Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassmyndigheita sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras inntil 1 år etter gravlegging. Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassmyndigheita har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste. Gravminne på urnegrav kan bli sett opp med ein gong etter urnenedsetting. 
På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og kan bli sentrert på gravstaden etter neste gravlegging. 

§ 8. PLANTEFELT
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går utover plantefeltet.
Det er ikkje høve til å bruke faste dekorgjenstandar som blomsterurner, lykter mv. i plantefeltet. Det er høve til å tenne stearinlys og oljelampe på grava, så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern. Stearinlys, oljelamper og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.
På grunn av brannfare kan ein ikkje bruke levande lys/faklar ved Høre stavkyrkje. 
Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.
Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller døde materiale.

§ 9. PLANTEMATERIALE
Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal fullt ut vere kompostérbart.

§ 10. STELL AV GRAV
Kvar ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av gravplassmyndigheita.
Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand. 
Kyrkjeleg fellesråd har høve til å inngå avtale om planting og stell av grav. Festar/gravansvarleg kan inngå avtale med fellesrådet eller andre som får løyve, ut frå §13, til å utføre tenester for seg. Ein slik avtale fritek ikkje festar/gravansvarleg frå ansvaret dei har etter reglane som gjeld til ei kvar tid.

§ 11. NAMNA MINNELUND
Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke. 
Graver i namna minnelund kan bli festa etter fredingstidas utløp på lik linje med andre graver på gravplassen. Det vil likevel ikkje vere høve til å nytte grava til ny gravlegging i festetida.
I namna minnelund kan det bli festa ei grav attmed. Ved feste av grav attmed skal det betalast festeavgift frå tidspunktet då den første grava blir tatt i bruk. 
Avgift for bruk av namna minnelund blir betalt frå det tidspunktet grava blir tatt i bruk.
Gravplassmyndigheita har ansvaret for felles planting og stell i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund. Det kan leggast ned blomar og tennast gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassmyndigheita.

§ 12. BÅREROM
Bårerom blir disponert av gravplassmyndigheita, og skal berre nyttast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan etter løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette.

§ 13. NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå gravplassmyndigheita. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. 
Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver. 

§ 14. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE
Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00-17:00) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.

§ 15. IKRAFTSETJING OG OPPHEVING AV ELDRE VEDTEKTER
Denne forskrifta om gravplassvedtekter trer i kraft frå 01.01.2023. Frå same tid blir tidlegare vedtekter for gravplassane i Vang kommune, Innlandet fylke oppheva.

§ 16. URNEFELT (A) PÅ HØRE KYRKJEGARD
Felt A på Høre kyrkjegard kan berre brukast til urner.

 

Oppslag ved kyrkjegarden:
REGLER OM ORDEN, ÅTFERD OG TRYGGLEIK

Opphald, ferdsel, arbeid og andre handlingar skal skje med minst mogeleg støy og ikkje verke støytande.
Gravminne kan velte. Ein må derfor vise varsemd. Mindre barn må vere under tilsyn av vaksne.
Hundar skal førast i kort band (maks. 2 meter).
Det skal visast omsyn ved gravferder.
Avfall skal bli kjeldesortert og lagt i avfallsbehaldarar. Utstyr som vasskanner, spadar og river skal hengast tilbake på plass.
Portane til gravplassen er open når det skjer noko i kyrkja.
Visne kransar og bårebukettar etter gravferder blir teke vekk av gravplasstilsette når det har visna, dersom ikkje pårørande sjølve har rydda vekk.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vang kyrkjelege fellesråd

Vang kyrkjeleg fellesråd
Kontor på Klukkarhaugen: Ope måndag - fredag kl 09:00 - 15:00. 

Prestekontoret i Drengestøga: ta kontakt med soknepresten for avtale. 

Adresse kyrkjekontoret:

Tyinvegen 5175, 2975 VANG I VALDRES

Besøksadresse Klokkarhaugen:

Tyinvegen 5175

Adresse Drengestøga:

Tyinvegen 5130, 2975 VANG I VALDRES

Epost: post.vangivaldres@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"