Heensåsen kyrkje

vart innvigd 17. september 1902, og er den yngste av soknekyrkjene i Vang. Den ligg høgt og fint til i eit midtpunkt i krinsane i soknet.

Austsida hadde ein håplaust lang veg til kyrkja i hovudsoknet. Knut Gudmundsen Nordsveen kjempa for å få Vang stavkyrkje over på austsida då den skulle rivast, men han mislykkast. Difor vart det planlagt ny kyrkje på Heensåsen og innsamla pengar i lang tid, m.a. med basarar. Dronning Sofia av Noreg/Sverige sende sølvskeier og broderte ting til gevinstar til basarane. Ei av skeiene heng i våpenhuset.

Altartavla er teikna av arkitekt John Meyer, og laga av Torstein i Verpile og Ola G Gjevre. Krusifikset er sett på seinare og laga av Endre O. Lien.

Både preikestolen og altartavla vart måla 1. gong av Andris og Kristoffer Bakken, og av Ola S Ødegård i 1977 då kyrkja vart pussa opp.

Kontaktinformasjon for Vang kyrkjelege fellesråd

Vang kyrkjeleg fellesråd
Kontor på Vang kommunehus. Ope måndag - torsdag kl 09:00 - 15:00
Prestekontoret i Drengestøga. Ope tysdag - fredag 09:00 - 15:00 eller etter avtale.

Adresse: Tyinvegen 5161
2975 VANG I VALDRES

Tlf kyrkjekontoret 61 36 95 90
Epost: post.vangivaldres@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"