Vel møtt til gudsteneste 1. nyttårsdag / 1. januar!
Gudstenesta er med nattverd og startar kl.12:00. MERK TIDA.
Vi har feira nyttårsaften og har gått inn i det nye året. Då er det fint å samlast i kyrkja og starte det nye året der. Det er også Jesu namnedag, og nederst ligg ei lenkje til bibeltekstane.
Magnus Blom er organist og har med seg Elisabeth Blom på trompet. Helge Hitland og Eva Kristin Dale Wessman er liturgar, Junji Furukawa kyrkjetenar og Solveig Westermoen leiar for gudstenestelaget.
Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet. Du kan gjerne gje gåva på førehand på Vipps 54016.
Vel møtt!