Eit vanleg, uvanleg bryllaup

Mange planlegg bryllaupet både lenge og vel, alt ned til minste detalj. Men det er også enklare måtar å gjere det på. Visste du at det også er mange val ein kan ta med tanke på sjølve vigselen i kyrkja?

Denne saken er skrevet av sokneprest i Slemmestad og Nærsnes, Marita Bjørke Ådland. Saken ble først publisert hos Den norske kirke nasjonalt.

Caroline Berg Tryti og Christer Almqvist valte å gifta seg i etterkant av ei heilt vanleg gudstenesta der deira yngste son Wilhelm blei døypt. Lite visste familie og venner at dei skulle i både bryllaup og dåp denne fine søndagen. Då gudstenesta var ferdig, gjekk postludiet over i Mendelssohns kjente tonar.

– Låge skuldrar

Vigselen blei annleis, men også sjølvsagt med same element som ein kvar vigsel inneheld. Noko av det beste, som det nygifte paret trekker fram, var nettopp kjensla av litt lågare skuldrar og litt færre krav til festen etterpå. Det blei ein triveleg ettermiddag der barna var i fokus like mykje som brureparet, og ein fest som blei avslappa og fin, med venner og familie.

Gjennom koronapandemien er det mange som har utsett både dåp og vigsel. Kanskje kan det vera ein idé å slå det saman? Det blir stadig meir vanleg å kombinera dåp og vigsel. Og om ein ynskjer det, kan jo vigselen gjerne vera ei overrasking? Det er dessutan ein fin måte å ta det heile litt ned på. Det er knytt store forventningar til vigsel og fest, og for mange blir det eit spørsmål om økonomi.

Kreativt og eksklusivt

Den norske kyrkja tilbyr nære seremoniar der ein kan få komma med eigne ynskje og samstundes få god rettleiing rundt seremonien. Å laga eit enklare bryllaup er ein fin måte å bryta med higet etter alltid å overgå andre. Om ein i tillegg gjer det til ei overrasking, er det både kreativt og eksklusivt i seg sjølv.

Her er ei lita liste med tips og erfaringar:  

  • Det blir faktisk bryllaupsstemning sjølv om det kjem litt brått på for gjestane
  • Ha med ein solist, det skapar høgtid og utvidar augneblinken!
  • Ein brurebukett kan vera fint å ha for å markera overgangen frå gudsteneste til vigsel
  • Det er behageleg for både barn og vaksne med ein lett og ledig fest
  • Å gifta seg er både romantisk og fint og gir ei god ramme for samlivet med kvarandre og med barna
  • Kyrkja er ei god ramme for vigsel, og hand i hand med dåpen blir det ekstra meiningsfylte rammer.

Tenker du på å gifte deg? Uansett hva slags kirkebryllup du ønsker deg, kan du bestille bryllup i Askerkirkene her! Ta gjerne kontakt med sentralbordet vårt på epost eller telefon 66 75 40 90 om du har spørsmål om bryllup!

IMG-2769.jpg

Foto: Privat

Kontaktinformasjon for Asker kirkelige fellesråd

Asker kirkelige fellesråd
Organisasjonsnummer: 976 986 466

Sentralbord:
66754090 
Telefontid:09.00-15.00

Besøksadresse:
Kirkelia 5
1384 Asker

Postadresse:
Postboks 14
3431 Spikkestad

Ansvarlig for nettsider:
Jørgen Guntveit Svartvasmo
Leder for Fellestjenester

Ansvarlig redaktør:
John Grimsby
Kirkesjef i Asker

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"