Spelet er krydra med mange songar, både julesongar og andre. En stjerne skinner i natt, julekveldvisa og eit barn er født i Betlehem er songar som er med, og når dei vise menn treff ein skummel bjørn må alle syngje "Bjørnen sover". Sidan dei vise menn er så glad for å møte kvarandre så må ein og syngje "Skal vi være venner. Skal vi vandre sammen du og jeg...". Britt Ystebø i kystbarnehagen og Laila Larsen i kaland barnehage stilte sporty opp og spelte den tredje vismannen Baltasar. Wilco Vogelaar og Jostein Hauge var Kaspar og Melkior. Takk for ei kjekk stund i barnehagen. No gler me oss til julespel i kyrkja. Då skal borna få kle seg ut som både hyrdar, englar, Maria og Josef.
Tre vise menn
For fjerde år på rad så var dei tre vise menn på besøk i kystbarnehagen og i Kaland barnehage. Dette er eit adventspel om korleis dei tre vise menn fann kvarandre og reiste saman for å finne den nye kongen.