Etter nokre veker som ny kyrkjeverje, så slår det meg at i Austrheim er det mange som står på som friviljuge i fleire ulike komitear i kyrkjelyden. Eg tenkjer dette vitnar om eigarskap til kyrkja og glede over å få vera med.
Mange av dykk har vore engasjerte i årevis. Andre igjen har mindre fartstid. Felles for dykk alle, er at de har eit ønskje om å bidra til å byggja kyrkjelyd her lokalt.
Eg ønskjer å invitera dykk til ein inspirasjonskveld no i haust, før den verste julestria begynner. Ein kveld med høgttenking og kanskje nytenking?
Velkommen til samling for friviljuge medarbeidarar i Kyrkjelydshuset onsdag 9.november kl 19.00.
Helsing Leif Arne Økland
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.