Ledig stilling som kyrkjeverje / dagleg leiar

Vår kyrkjeverje går av med pensjon og vi søkjer etter deg som kan overta stafettpinnen etter han. Du må vera ein person som engasjerer deg for kyrkja og som kan vera med å leia og vidareutvikla denne både på Fedje og i Austrheim.

Ledig stilling som kyrkjeverje / dagleg leiar

Dette er ei fast 100% stilling.  Austrheim og Fedje kommunar ligg lengst nord og vest i Hordaland, eit ope landskap med hav på alle kantar og likevel ikkje meir enn 7 mil nord for Bergen.   Austrheim sokn ligg i Austrheim kommune, med snart 3000 innbyggjarar.   Fedje sokn ligg i Fedje kommune med litt over 500 innbyggjarar.   Begge sokna ligg i såkalla eittsoknskommunar, der soknerådet også er fellesråd.   Det er ei kyrkje i kvar kommune med tilsaman 5 gravplassar.   Kyrkjeverja er sakshandsamar for 2 sokneråd/fellesråd.  

Kyrkjene her har i alle år hatt felles prest.  Sidan 2019 har ein hatt felles kyrkjeverje og no også felles kyrkjemusikar.  Ein har elles hatt felles konfirmantopplegg i mange år.  Staben på Austrheim og Fedje arbeider i aukande grad på tvers av soknegrensene og består av dyktige og kompetente medarbeidarar.  Staben på Austrheim utgjer tilsaman 375 % stilling  og tilsvarande på Fedje 125%, fordelt på 9 personar i ulike stillingsstorleikar. 100% presteressurs kjem i tillegg.  Ein har felles stabsmøter. Det er ønskjeleg at ny kyrkjeverje kan vidareutvikla dette samarbeidet.

Kyrkjeverja er tilsett i Austrheim sokn, men er utleigd til Fedje sokn i 20%.  Sekretær på Fedje arbeider i tilsvarande prosent for Austrheim sokn.   Kyrkjeverja har vanlegvis kontordag på Fedje 1 dag i veka, der kontora er i kyrkja.  Kyrkjekontoret på Austrheim ligg i Kyrkjelydshuset, ein tidlegare barneskule like ved kyrkja på Austrheim. Kyrkjelydshuset er mykje brukt både som kontor og der andre rom og sal er leigd ut til ulike arrangement i og utanfor kyrkja sin regi, både til private, lag og organisasjonar. Det er etablert eit husstyre for kyrkjelydshuset, der kyrkjeverja er medlem.

Begge sokna er gravplassmyndigheit for sine respektive kommunar.  Austrheim Sokn har alt av gravplassdrift i eigen organisasjon.   Fedje kommune er ansvarleg for gravplassdrifta på Fedje.  

Begge sokna kjøper tenester frå Aider for rekneskapsføring, løn og fakturering.  

Les meir om kyrkja på Austrheim og Fedje her:  https://www.kirken.no/austrheimkyrkja og https://www.kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/fedjekyrkja/           

Stillinga er ledig frå 1.april 2025 eller etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver:

·       Dagleg leiar og forvaltning av sokneråda si verksemd i samsvar med vedtatte planar, budsjett og øvrig regelverk.

·       Sakshandsamar for sokneråd/fellesråd.

·       Personalansvar for dei tilsette i soknet.

·       Utvikla god felles samhandling med prestetenesta lokalt og med prosten.

·       Ansvarleg gravplassmyndigheit for alle innbyggjarar uavhengig av medlemsskap i kyrkja.

·       Drift og vedlikehaldsansvar for kyrkjer,  gravplassar og soknet sin øvrige eigedom.

·       Budsjett og økonomiansvar innanfor sokneråda sitt ansvarsområde.

·       I samarbeid med sokneråda leia og utvikla det strategiske arbeidet kyrkja lokalt skal driva med.

·       Representera kyrkja i møte med andre kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, administrasjonen, media og andre.

 

Kvalifikasjonar:

·       Relevant høgare utdanning på høgskulenivå.

·       Relevant erfaring kan kompensera for høgara utdanning.

·       Erfaring frå administrativt arbeid og økonomistyring.

·       Gode IT kunnskapar.

·       Ønskjeleg med leiarerfaring.

·       Kjennskap til kyrkja som organisasjon og korleis den er bygd opp.

·       Medlemsskap i Kyrkja Den Norske.

Personlege eigenskapar:

·       Gode kommunikasjonsevner.

·       Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert.

·       Fleksibel og løysingsorientert.

·       Evne og vilje til samarbeid og til å oppnå tillit og skapa gode relasjonar både internt og eksternt. 

·       Å vera personleg eigna og graden av motivasjon vil bli lagt vekt på.

 

Vi tilbyr:

·       Ei spennande og svært variert leiarstilling i eit godt arbeidsmiljø.

·       Løn etter avtale

·       Pensjonsordning via KLP

·       Kollegaforum i prostiet og regionalt.  

·       Gode digitale verktøy.

·       ABV (Arbeidsvegleiingsgruppe) for kyrkjeverjer.

·       Annan kursing og opplæring etter nærare avtale.

 

Nærare opplysningar kan du få hos:

Kyrkjeverje Leif Arne Økland tlf 400 65 231 – eller på epost: lo799@kyrkja.no    

Soknerådsleiar Austrheim, Helge Dyrkolbotn: tlf 416 62 610 - eller på epost: helge@dyrkolbotn.no

Sokneådsleiar Fedje, Tone Sævi: tlf 926 88 116 . eller på epost: tonesaevi@gmail.com   

 

Søknadsfrist: 2.desember 2024.

Søknad med CV og referansar vert sendt til:  

Austrheim Sokn, Austrheimsvegen 1258, 5943 Austrheim.  Epost: lo799@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"