Minneord - Egon Askvik

Siste dagen i 2016 fekk me den tunge meldinga om at Egon var død. Det kom ikkje uventa, men like fullt slo sorga inn i oss.

Minneord - Egon Askvik

Egon fekk i mai beskjed om at han var alvorleg sjuk og både han og dei rundt visste kva utgang sjukdomen ville ha. Gjennom dette vel halvåret har me opplevd ein familie som står sterkt saman gjennom alt det vanskelege. Egon har saman med familien delt vare og vakre tonar om håpet og trua, om det som ber oss gjennom natta til ein ny dag, til eit nytt liv.

Håp, tru og fellesskap er ord som kjenneteiknar Egon. På 1980-talet var det afrikanske songar og kamp mot apartheid. Det var mange som fekk vere med å synge sangar om håp og møte menneske og ein kultur som sette spor. Mange i Austrheim syng framleis med på dei afrikanske tekstane og kjenner at dette er ord og tonar som gjev gjenklang av noko større.

Egon AskvikI Austrheim var Egon først vikarprest i 1984 og sidan var han sokneprest frå 1996 – 2008. Ein av hans grunnleggande tankar var at kyrkjelyden var alle dei døypte og han evna å engasjere og inkludere menneske. Han var med i Ungdomslaget og revygruppa og desse var igjen med på Alphakurs og julespel.

Fleire år var det julespel der born, ungdomar og vaksne samarbeidde om å levandegjere juleevangeliet. Mange var engasjert med alt frå å lage kostymar,  snekre stall og som skodspelarar. Til og med nyfødde Jesusbarn var på plass. Det var sterke opplevingar å få vere med å ta del, både for dei som var medhjelparar og heile kyrkjelyden.

Her i Austrheim fekk me og vere med å skape eit heilt nytt konfirmantopplegg med utgangspunkt i Kristuskransen. Med Egon sin kreativitet, hans engasjement og evne til å engasjere og inkludere var det mange som var med som medhjelparar og medvandrarar gjennom fleire konfirmantår. Og konfirmantane fekk gode opplevingar der trua vart praktisert. Kristuskransen som konfirmantopplegg vart til ei bok og eit undervisningsopplegg som no er i bruk mange stader over heile landet.

Egon sitt store engasjement for menneskeverd og kamp mot urettferd viste han og gjennom sitt arbeid for Kirkens Nødhjelp. Her var han nytenkande då han fekk Kirkens Nødhjelp til å vere med på å bruke konfirmantar i informasjonsarbeidet i samand med fasteaksjonen. Tre konfirmantar frå Austrheim fekk reise med Kirkens Nødhjelp til Sør-Afrika og møtte menneske i ulike livssituasjonar og det vart laga film som vart brukt av Kirkens Nødhjelp.

Egon sette spor hjå dei han møtte og det er mange merkesteinar som står igjen etter han. Ein av desse er "Gudsteneste for alle" - dei særleg tilrettelagde fredagsgudstenestene med dramtisering av bibeltekstar, felleskapet rundt nattverdsbordet og dei enkle, gode songane. Dei som var tilstades gløymer ikkje når Egon la seg på alle fire og var eselet med Jesus på ryggen som palmesundagen rei inn i Jerusalem, dvs opp heile kyrkjegolvet.

Ein stor mann som levandegjorde trua gjennom sitt møte med menneske i ulike livssituasjonar, som tok tid til dei gode samtalene i både sorg og glede, og som vitna om håpet. Egon sette store og gode spor og me er takksam for det han har betydd for kvar enkelt og for kyrkjelyden.

Me lyser fred over Egon sitt minne.

 

På vegne av Austrheim sokneråd

Anne Dahle Austrheim og Helge Dyrkolbotn

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"