Etter nesten 32 år takkar Bodil av som kyrkjeverge i Austrheim. Som markering ynskte ho ein konsert der inntekta skulle gå til Tro Håp og Kjærlighet (THK). Det har kome inn 21.000 kroner, og desse pengane skal gå til bl.a sommarleir for 70-80 ukrainske born som har behov for eit avbrekk i kvardagen.
Artistane som var med på konserten var Janne Berger, Astrid Skovin, Karin Haugen, Svein Villanger, Tor-Olav Berge Monslaup, Thaline Berge Monslaup og Eli-Marie Berge Monslaup. Jostein Hauge spelte til artistane og til allsongen. Me hadde håpt å få inn nok pengar til å finansiere ein 2 veker lang leir for born i Ukraina. Her vil dei mellom anna får 3 måltid til dagen, noko som ikkje er ein selvfølge i kvardagen til desse borna. THK trengte 15000 kr for å finansiere leiren, og det har som sagt kome inn 21000 kroner. Resten av pengane går til utdeling av mat. Takk til alle som var engasjert i denne konserten, og til alle som kom.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.