Søndag 25.juni vart ein merkedag for Tone Marit Håland Dyrkolbotn og for Austrheim kyrkjelyd. Det er mange år mellom kvar gong ein prest vert ordinert i bygdene våre. I år fekk Austrheimkyrkja vera vertskap for denne storhendinga, då vår eigen Tone Marit vart ordinert.
Framfor ei fullsett kyrkje fekk Tone Marit avleggja prestelovnaden.
Ramma for innhaldet i denne dagen kunne ikkje passa betre, sidan ho fekk preika over Jesu likning om det store gjestebodet. «Gå ut og hent inn folk av alle slag slik at huset mitt kan bli fullt…»
Etter gudstenesta var det laga til nok eit gjestebod i samfunnshuset. Festen var prega av god mat, god stemning og mange helsingar til ordinanden. Dette vart ein dag som både vart verdig og laussluppen. For å bruka Tone Marit sine eigne ord og sin første setning på talarstolen som ordinert prest: «Fyttigrisen for ein dag!»
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.