Håp - fortelling fra Fasteaksjonen 3.søndag i fastetiden

Spirer til håp: frå tørke til ein grøn oase i Kenya.

Håp - fortelling fra Fasteaksjonen 3.søndag i fastetiden

Kilometer etter kilometer med knusktørt landskap. Avmagra kveg. Menneske som søkjer skugge under busker. Grumsete vatn. Landskapet er så håplaust tørt. Brått kan det skimtast ei stripe av grønt i horisonten. Tre. Hundretusenvis av grøne tre.

Kirkens Nødhjelp var i Kenya med artisten Ingrid Olava i 2015. Vi vitja prosjektet Mully's Children Family (MCF). Med tre barneheimar i Kenya har dei sidan 1989 hjelpt 8000 foreldrelause og fattige born. Prosjektet starta tidleg med klimatilpassa jordbruk for å dyrke grønsaker og frukt til borna. Kirkens Nødhjelp har hjelpt til med å byggje demningar og ta i bruk andre teknikkar for å ta vare på regnvatnet. Effekten av dette var så god at MCF jobba vidare med nye klimatiltak. I dag plantar dei over en millionar tre kvart år saman med borna. Trea tek opp CO2 i lufta, bind matjorda og er også eit omsorgs-og aktivitetstiltak for borna på skulane. Det var denne grøne oasen som møtte oss då vi kom kjørande.

«Då vi køyrde gjennom ørkenen for å vitje prosjektet møtte vi ei gamal dame som hausta mais frå den tørre åkeren. Vi stoppa bilane og gjekk ut for å prate med henne. Ho hadde arbeidd heile dagen, og løna var tre små maiskolbar. Det var så varmt ute. Eg kunne knapt puste,» seier Ingrid. «Vi set oss tilbake i bilen og kjører omlag tre minutt før vi kjem til barneheimen. Å kome dit var som å kome til ein annan planet. Alt var så grønt, temperaturen var lågare og eg kunne puste normalt att. Dei brukar regnvatnet så godt at dei kan halde kenyansk rekord på kor mykje mais dei kan dyrke per kvadratmeter. Dei nyttar mange nye teknikkar for å halde vatnet i åkeren. Det var heilt utruleg – det var nesten som eit paradis å kome til Mully's Children Family,» sa Ingrid Olava etter besøket.

Kenya har dei seinaste åra opplevd tørke, flaum og naud på grunn av at regntidene kjem stadig meir på slump. Dette i eit land der 80 prosent av folket lever av jordbruk. Dagens besteforeldregenerasjon vaks opp med ein plante- og haustekalendar dei kunne stole på og som gav gode avlingar. I dag er situasjonen ein annan. Regnet kjem ikkje alltid når det skal. Bønder som lever frå avling til avling utan sparepengar eller annan mattryggleik, har alt å misse viss regnet ikkje kjem.

Kirkens Nødhjelp hjelper fattige bønder på landsbygda i Kenya med å tilpasse seg konsekvensane av klimaendringane. I 2013 fekk over 500 kenyanarar hjelp til mellom anna å samle regnvatn slik at dei kan bruke det til å plante tre eller så jordbruksplantar som toler tørke. Jatropha-planten er eit døme. Den treng ikkje så mykje vatn, og overlever sjølv om regnsesongen skulle slå feil. Nøttene frå planten kan brukast til å lage olje som gjev bioenergi. Dette kan bonden bruke som alternativ til fossilt brensel, og landsbyar kan få straum. For ein bonde har det mykje å seie å kunne dyrke jatropha. Den grøne planten gjev økonomisk tryggleik og mindre uro for framtida.

Politisk påverknad for klimarettferd i Kenya er eit viktig tiltak Kirkens Nødhjelp jobbar med. I lokale komitear på landsbygda blir bønder kjende med kvifor klimaet er i endring, og korleis dei kan mobilisere for å påverke dei som sit med makta i Kenya og internasjonalt. Før klimatoppmøtet i Paris i desember 2015 var Kenya med på den afrikanske klimakaravanen som samla inn 600 000 underskrifter for ein rettferdig klimaavtale. Gjennon ei årrekkje har Kirkens Nødhjelp også gjeve direkte innspel til nasjonale planar for klimatilpassing i landet.

I eit klimasårbart land som Kenya, kan enkle tiltak som treplanting og omlegging av jordbruk vere med på å endre livsgrunnlaget for enkeltindivid. Det gjev von å sjå at stiklingar av tre kan endre mikroklima i område som er utsette for tørke. Tørre område kan bli til grøne oasar.

I 2016 vil Kirkens Nødhjelp fase ut programma sine i Kenya, og etterlet seg stødige klimatilpassingsprosjekt som vil leve vidare med lokale folk. Med kenyanarane må vi halde fram med å stå saman for ein rettferdig klimapolitikk og vern av Skaparverket.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Saltstraumen menighet

Postadresse: Mølnbakken 84, 8050 Tverlandet

Kontoradresse:  Mølnbakken 84, 8050 Tverlandet

Besøkstid: man - fre 09:00-14:00 (kan være noe uregelmessig bemanning, men er døren åpen er du hjertelig velkommen inn)

Fakturaadresse:
Saltstraumen sokn
Dronningens gate 18
8006 Bodø
EHF/Org.nr.: 976 999 789
E-post: regnskap.bodo@kirken.no

Be om referanse fra den som bestiller:
Navn + hva det kjøpes inn til.

E-post: saltstraumen.menighet@kirken.no

Telefon: 75 50 03 00 (felles sentralbord for alle kirker)

Man-Fre 09:00 - 14:30

Lunsj mellom 11:00 - 11:30 (sentralbordet er da stengt)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"