Forandring - fortelling fra Fasteaksjonen 1.søndag i fastetiden

Ei søyle av vatn dansar mot den skarpblå himmelen. Midt i vannspruten står Agnes og boblar av glede. Ho har nettopp smakt friskt, naturleg og reint vatn for første gong.

Forandring - fortelling fra Fasteaksjonen 1.søndag i fastetiden

Dråpar av håp

Agnes er 13 år, og bur i landsbyen Munguli i Tanzania. Ho elskar å sjå på dansevideoar frå Botswana og dyredokumentarar. Ho syng i kor i kyrkja. Ho spelar handball med venene sine. Alt dette har Agnes nesten aldri tid til. Ho er ei av millionar av kvinner og born som brukar timesvis av dagen sin på å henta vatn.

Agnes blei kjent for mange av oss i kampanjefilmen for Kirkens Nødhjelp under TV-aksjonen hausten 2014. Den vesle, sterke jenta med den tunge vassbøtta på hovudet blei symbolet på alle dei nær 700 millionar menneska som manglar tilgang til reint og trygt vatn.

Takka vere innsatsen frå 100.000 bøsseberarar og eit stort engasjement i mellom andre norske kyrkjelydar, enda TV-aksjonen i eit rekordresultat. Det har gjort Kirkens Nødhjelp i stand til å gje 1,3 millionar menneske i åtte land tilgang til reint vatn. Agnes er ei av dei som no har fått reint vatn.

Tung jobb

Kvar dag står Agnes opp klokka seks. Ho lagar graut til seg og familien før ho går for å henta vatn. Ho brukar ein time på den åtte kilometer lange vegen frå huset til vassholet.

Agnes har fleire arbeidsoppgåver gjennom dagen. Men ingenting er så tungt som å henta vatn.

- Eg blir sliten av å henta vatn. Eg kviler litt på vegen for å få meir energi, men det er veldig langt å gå. Nokre gongar er eg sliten i heile kroppen, og får vondt i nakken. Då hentar broren min vatn for meg i staden, fortel Agnes.

Blir sjuke av vatnet

Medan kyr og geiter vassar gjennom vassholet, fyller Agnes bøtta si med ti liter skite, forureina vatn. I Munguli finst det ikkje reint vatn. Unge jenter, born og gravide kvinner går mange kilometer kvar dag for å henta vatn til familiane sine. Vatn dei veit dei blir sjuke av. Born som Agnes må ofte vera heime frå skulen med feber, diaré og magekrampar fordi dei har drukke det farlege vatnet.

- Vi kan bli veldig sjuke av vatnet. Nokre gongar får vi veldig vondt i magen og får diaré. Då kan vi ikkje gå på skulen. Alle blir sjuke av vatnet, særleg dei minste borna. Når vi har tid, kokar vi vatnet, men det har vi ikkje alltid tid til, fortel Agnes.

Fordi Agnes brukar så mykje tid på å henta vatn, kjem ho ofte for seint på skulen. Ho får heller ikke så mykje tid til å gjera lekser.

Forandringa

Men no skal livet til Agnes snart endra seg. Ved solnedgang ein måndag ettermiddag i juni kjører fire digre lastebilar den humpete vegen til Munguli. Lastebilane er fullasta med tungt boreutstyr.

Det som skal forandra livet for Agnes og dei andre menneska i landsbyen, ligg gøymt 80 meter nede i bakken. Friskt, reint og trygt vatn.

På førehand har Kirkens Nødhjelp sin vassekspert Zachayo Makobero gjort hydrologiske undersøkingar for å finna staden med størst sjanse for å treffa vatn. Han tek ikkje feil. Alt den første dagen står vasspruten opp frå boreholet. Tre dagar seinare kan Agnes endeleg smaka sine første dråpar reint, trygt vatn. Ho gjer store augo. Det smakar ikkje salt! Det smakar godt! - Eg er veldig glad. Det reine vatnet vil gjera oss mindre sjuke, og det blir mykje kortare å gå. Då treng eg ikkje bruka så mykje tid på å gå og henta vatn, seier Agnes.

- No får eg meir tid til å gjera lekser, ta meg av småsøskena mine og til å leika med venene mine. Det gledar eg meg til!

Reint vatn forandrar liv

Agnes drøymer om å bli lærar slik at ho kan vera med på å forandra livet til andre born. Agnes sin onkel, Eliudi Balanda Pangani, er sikker på at no blir det lettare for Agnes å oppfylla draumen sin.

- Dette vatnet vil gjera at ho får meir tid på skulen, og børa med å henta vatn vil bli mykje mindre både for henne, familien min og heile landsbyen, seier han. Reint vatn forandrar liv. For Agnes er det reine vatnet i brønnen frå Kirkens Nødhjelp eit stort skritt på vegen mot ein enklare kvardag – og ei tryggare framtid.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Saltstraumen menighet

Postadresse: Mølnbakken 84, 8050 Tverlandet

Kontoradresse:  Mølnbakken 84, 8050 Tverlandet

Besøkstid: man - fre 09:00-14:00 (kan være noe uregelmessig bemanning, men er døren åpen er du hjertelig velkommen inn)

Fakturaadresse:
Saltstraumen sokn
Dronningens gate 18
8006 Bodø
EHF/Org.nr.: 976 999 789
E-post: regnskap.bodo@kirken.no

Be om referanse fra den som bestiller:
Navn + hva det kjøpes inn til.

E-post: saltstraumen.menighet@kirken.no

Telefon: 75 50 03 00 (felles sentralbord for alle kirker)

Man-Fre 09:00 - 14:30

Lunsj mellom 11:00 - 11:30 (sentralbordet er da stengt)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"