Oppmøte på parkeringsplassen i Vistvik kl. 9: 00 for registrering.
Vandring til Kyrkjevatnet der me har pause. Me ruslar vidare over Fitjarfjellet til
bygdars og til Fitjar kyrkje, der alle er velkomne til pilgrimsmesse kl. 14.00.
Turutstyr: fjellsko eller liknande, niste, litt tøyskift.
Velkomen til ei flott og roleg vandring. Høver for store og små.
Kjentmann er som vanleg Johannes Nesse, og turleiar er Hjørdis J. Heggland.
Lurer du på noko, kan du ringja tlf. 481 14 681
Turen er eit samarbeid mellom Fitjar sokneråd og Stord kyrkjeakademi.
Hjarteleg vel møtt til ein annleis fjelltur.
Hjørdis J. Heggland
Turleiar