Som avslutning på haustsesongen vert det konsert med variert, klassisk korrepertoar.
Koret Stemmer kjem frå Bergen, og med seg har dei Tore Kloster, songar og dirigent som er vel kjend i Sunnhordland, der han opphavleg kjem frå. Han starta koret i 2018, og dei har alt markert seg svært positivt både heime og i utlandet. Frå våren 2023 har dei motteke Elitekor-midlar frå Bergen kommune, noko som burde garantere for høg kvalitet. Dei har og gitt ut cd, Sumarkveld ved fjorden.
Denne kvelden vert ei flott innleiing til adventstida, ikkje la høvet til ro og musikalsk oppleving gå frå deg!
Billettar kr. 200