Det er tid for ny temakveld, denne gongen med gjester frå Bergen. Bodil Eldhuset er ein av veteranane i bergensk vokaljazz, men har erfaring frå mange ulike musikksjangrar. Ho har undervist ved musikklinja på Langhaugen vidaregåande skule i mange år, og også på den måten betydd mykje for musikklivet her vest. Den varme, mørke stemma hennar eignar seg godt til både salmar og balladar. Med seg har ho Tore Hegdahl, organist, pianist og arrangør, til dagleg kantor i Årstad kirke. Han er og ein allsidig musikar, opptatt av breidde, og med stor variasjon i stil og repertoar.
Vi håpar at mange vil finna vegen til Fitjar kyrkje neste torsdag, vi lovar ei fin oppleving!