Noreg er eit samfunn der skilnaden mellom folk aukar. Skilnader som ikkje fyrst og fremst handlar om etnisitet eller religion, kor du kjem frå eller kven du er, men om du er innanfor eller utanfor.
Det er mange måtar å vere utanfor på. Frå å mangle ei seng å sove i, til å vere utanfor i arbeidslivet eller sosiale fellesskap. Dette råkar ikkje berre enkeltpersonar, men gir ringverknader for alle.
Med TV-aksjonen NRK 2018 kan Kirkens Bymisjon skape møte som kan redde liv. Ved å opne dører og legge til rette for at fleire kan møtast, skal vi vise kvifor TV-aksjonen i år er viktigare enn aldri før. Vi skal tilby menneske som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale og slik bidra til at fleire får sjansen til å oppnå eigne mål og draumar.
BLI MED PÅ DEN STØRSTE DUGNADEN I VERDA!
Bli bøsseberar, ring 02025 eller gå inn på blimed.no