ULF er ein inspirerande møteplass for deg over 16, og som har (eller ynskjer å ha) leiaroppgåver i kyrkja. Leiaroppgåver kan være så mangt…; Medarbeidar i søndagsskole, barnekor, ungdomslørdag, leir, t-dager, gudsteneste, forsang, tekstleser, kirkevert, musikk, tweens, KRIK, andakt/vitnesbyrd, bibelgruppeleder, starte noe nytt? osv.
Leiarforum skal vere eit bål å varme seg ved, eit fellesskap med åndeleg og fagleg påfyll.
Anne og Knut Kaldestad inviterer til samlingane heime hos seg i Steinsvikhaugene 34, Bildøy (dersom vi vert mange og huset ikkje er stort nok, flytter vi til kyrkja!!)
Vi er fleire vaksne med - og datoane for hausten er:
- 12. september
- 3. oktober
- 7. november
- 12. desember
Ein ULF kveld varer frå kl 19.00-21.15 og ser slik ut:
Kveldsmat
Vi deler: Fokus på den einskilde og på tenesta, samtale om arbeidet, ideutveksling, nytt etc
Påfyll: Tid til bibelstudium («ordets skole» opplegg)
Tankestrek med leder-perspektiv, bøn, velsignelsen.
Ta kontakt med ei av oss for påmelding!