Kyrkjekveld i Giske kyrkje

Stiftinga Giskespelet utviklar seg og utvidar no Giskespeldagane med eit ekstra arrangement på den spelfrie dagen. Fredag 18. juni klokka 18.00 inviterar vi til ein historisk kyrkjekveld heim i kyrkja vår.

Kyrkjekveld i Giske kyrkje

Vi er særs stolte over at vi i eit covid–19  år har fått på plass det som vi håper på skal bli ein fast tradisjon. Nemlig å knytte kyrkja og spelet nærare saman med å ha ein eigen kyrkjekveld og dermed også kunne formidle endå meir av både vår og Noreg si historie. Både for dei som veit lite og dei som veit mykje. Middelalderkyrkja på Giske vart jo bygd av etterkomarane til Arnungane og er vår «Nidarosdom». Her er mykje upløgd mark.

I år startar vi med byrjinga: Olav Haraldsson, Heilag-Olav og Krist-trua. Kva kunne det vere som  fascinerte hardbarka vikingar til å ofre alt for Olav og Kvite-Krist, tape alt og så likevel bli vinnarar? Og kva fascinerer framleis i denne historia, 1000 år etter?

Og, kva har dette betydd for Giske og for Norge?

Vi starter i 1000 år gamle spor og har fått med oss ein Biskop, ein eks–ordførar og ein historie-entusiast til å innleie.

Biskop Ingeborg Midttømme, Arne Sandnes ,eks-ordførar i tidlegare Norddal kommune, og vår eigen Arne Tunheim, historie- og arnunge-entusiast, innleiar frå kvar sin ståstad i historia.

Deretter håper vi på ein spanande dialog både mellom dei og publikum i salen. Alt godt leia av Hilde Røsvik.

Covid–19 begrensningar gir i dag løyve til å ha 30 personar tilstade i kyrkja. I tillegg til føredragshaldarane og eventuelt media.

Billetten vert kr. 200.- per person

Billettar kjøpast kun på tikkio.com

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"