Vi ynskjer at alle skal finne sin plass

Hareid sokn sitt arbeid er ein viktig del av tilbodet for innbyggarane i Hareid kommune. Vi ønskjer at alle skal finne sin plass, hos oss sitt ingen på reservebenken. Har du spørsmål om våre tilbod eller ulike arrangement, ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Ivrige 4-åringar på besøk i Hareid kyrkje. Foto: Kristin Østrem

Kontakt oss gjerne:
Kyrkjekontoret: 70095130
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Vi prøver så godt vi kan å nå ut i ulike kanaler med informasjon om våre arrangement og vårt samfunnsviktige arbeid. Det er viktig for oss å vere synleg på ein god å verdig måte.

Om oss
Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den flotte kvite trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår. Vi vil vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk.

Hareid sokn er kjend for sitt store populære trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året.

Hausten 2019 fekk soknet eiga kyrkjelydshus, som ligg sentralt plassert midt mellom kyrkjekontoret og kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige. Hausten 2021 startar arbeidet med tilbygg for kyrkjekontor på kyrkjelydshuset, slik at alt blir samla under eit tak.

Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 5 fulltidstilsette og 2 i deltidsstilling. Ein av dei fulltidstilsette er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv. I tillegg til dei tilsette er mange personar frivillig engasjert i alle aktivitetane som skjer i soknet.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"