Årsmelding Hareid sokn 2020

Bispevisitas, aktivitetar på det nye kyrkjelydshuset, pandemi, digitalisering av gudstenester, renovering av kyrkje og kyrkjelydshus, ny liturgi - samt det "vanlege" og viktige arbeidet gjennom året. Vi kan ikkje anna enn å vere takksam for eit aktivt år, der soknet heile tida har jobba for å finne balanse mellom forsvarleg smittevern og kyrkjeleg nærvær og omsorg i ei spesiell tid.

Frå visitasgudstenesta i Hareid kyrkje under bispevisitas feb/mars 2020: Kyrkja sitt viktige arbeid i lokalsamfunnet, krev samhandling og gode relasjonar både internt i DnK og til frivillige, lag og organisasjonar, politikarar og kommuneadministrasjonen. Foto: Hareid sokn

Soknerådet har vedteke årsmeldinga i sak SR 04/21.

Planen er at årsmøtet skal vere laurdag 13. mars, i samband med kulturdag på kyrkjelydshuset. Det gjenstår å sjå om dette kan gjennomførast i høve situasjonen rundt pandemien.
Årsmeldinga kan lesast/lastast ned i lenka under.

Kriseåret 2020 – har vore eit spesielt år
Vi har bak oss eit krevjande år med omstillingar og unntaksperiodar i høve pandemien. Nye rutinar, endringar i måten arbeidet vert utført, antalsbegrensningar og ikkje minst handtering av overordna smittevern-ansvar for både tilsette, råd, frivillige og kyrkjelyden. Soknet har heile tida brukt krefter på å finne ein rimeleg balanse mellom forsvarleg smittevern og nødvendig kyrkjeleg nærvær og omsorg.

Mange ulike situasjonar har blitt handtert og risikovurdert i møte med familiar, dåpsborn, eit stort og breitt barne- og ungdomsarbeid både i krinsar, kyrkje og kyrkjelydshus, ønskje om open og tilgjengeleg kyrkje, konfirmantar, eldre og sjuke som har vore meir isolert enn nokon gong og ikkje minst alle pårørande som har erfart at sorga er blitt endå tyngre utan handtrykk og sosialt nærvær å lene seg mot. For ikkje å snakke om alle som har sakna eit levande gudstenesteliv og ein open kyrkje.
Her vil vi rette ein takk til alle som har bidrege og utretta eit godt og kreativt arbeid i alle ledd i verksemda vår, ikkje berre frå dei som er synleg i kraft av si rolle – men ikkje minst frå staben og alle frivillige.

Året har vore utfordrande, men har også gitt oss nye erfaringar og refleksjonar. Samspel, gjensidig behov for kvarandre mellom frivillige, råd, utval og tilsette, og samspel mellom leiarar og medarbeidarar har kome til syne. Ingen kan drive ei folkekyrkje eller ein organisasjon åleine. Vi ønskjer å rette ein stor takk til alle som har bidrege i soknet sitt arbeid gjennom dette spesielle året!

Hareid sokneråd
Ann Helen Grimstad Worren
-soknerådsleiar-

Årsmeldinga 2020 Hareid sokn kan de lese ved å opne dokumentet lenger ned på denne sida.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"