Juniorkonfirmantane (12-åringane) laga torsdag kveld oppmuntringsplakatar som dei plasserte i vegen opp til Alskleiva, søndag er dei igjen på plass og deler ut songark til alle som kjem for å delta i samlinga.
Frå kl.09.30 søndag morgon vil 7 åringane gå pilgrimsvandring frå Holesanden til Alskleiva. Her kan familiene deira, og alle andre som vil ta del, møte opp å gå i gruppene deira. På vegen vil det vere 4 stopp der dei skal samtale om spørsmål eller lage noko å ta med vidare. I gudstenesta vil dei ta del med ein song som dei har øvd inn på leir. Desse flotte 7 åringane er nemleg på leirdøgn på Holesanden.
Tradisjonen tru stiller Melshorn med korpsmusikk og trimgruppa med lodd og fine gevinstar.
Etter gudstenesta vil K-gruppa, den yngre, selje kaker og div. på Holesanden.
Det er sokneprest Leidulv Ø.Grimstad som leier gudstenesta.
Altso; mange gode krefter har kvar gjort sin del for at dette kan bli ei felles god oppleving.
Det er mykje godt som kan skje når fleire gode krefter går saman!
Etter gudstenesta på Alskleiva i fjor kom nokre i snakk om at det hadde vore kjekt med fleire benkar å site på. Det er heilt greitt å site i lyngen, men på dagar med regn og væte er ikkje det så kjekt. Det brukar som regel å vere mykje folk samla til denne gudstenesta, både 7 og 12 åringane i trusopplæringa har oppgåver i og kring denne gudstenesta. Karane i Lions tok utfordringa og har laga mange nye siteplassar på gudstenesteplassen. Dei har også laga nytt kors og talarstol. Tusen takk til dei!